Stortingsvalet 2021: Vil du bli valfunksjonær?


Klikk for stort bilete Tore Fjeld  

Kvam herad har eit stort behov for valfunksjonærar til årets stortingsval. Vil du bli ein av våre valfunksjonærar?

I år har Kvam herad ansvar for å gjennomføra stortingsval. Valdagen er 13. september 2021. For å gjennomføra denne oppgåva og på grunn av beredskap i samband med koronapandemien treng me ekstra mange valfunksjonærar (representantar i røystestyra).

Kva gjer ein valfunksjonær?

Ein valfunksjonær i Kvam er medlem i eit av røystestyra i Kvam. Røystestyra administrerer røystegjevinga i sin krets. Kvart røystestyre har ein leiar og nesteleiar som organiserer arbeidet i vallokalet.

Oppgåvene i eit vallokale varierer mellom å styra kø, fylla på røystesetlar, ta i mot røyster og rettleia veljarar ved røysteavlukket. Det er difor viktig at du snakkar og forstår norsk. Du må ha generell PC-kompetanse fordi me nyttar EVA (det elektroniske valadministrasjonssystemet) og ha fungerande elektronisk ID (MinID, bankkodebrikke, BankID på mobil og liknande). Røystestyra er med på foreløpig oppteljing og signerer under røystestyret sin protokoll. Du må ha høve til å stille på vakt 13. september 2021.

Ein valfunksjonær kan ikkje vera listekandidat til stortingsvalet. Som medlem i røystestyret må du også oppfylla kravet om røysterett. Det vil seia at du må minimum fylla 18 år i løpet av 2021. Full opplæring vil bli gitt, og det er obligatorisk å delta på opplæringa for å kunna jobba i vallokalet.

Korleis registrerer du deg?

Dersom du tenkjer at dette kan vera noko for deg, så kan du gå inn på registreringsskjemaet her innan 1. juli 2021. Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk ID. Dersom du opplever problem med innlogging ber me om at du prøver ein annan nettlesar/ skiftar frå mobil til PC. 

Var du medlem i eit røystestyre ved valet i 2019? Då treng Kvam herad deg!

Dersom du var medlem i eit av røystestyra i Kvam ved førre val i 2019, så ber Kvam valstyre deg om å hjelpa til også ved dette valet. På grunn av situasjonen med koronapandemien er det ekstra viktig å ha rutinerte valmedarbeidarar ute i vallokala på valdagen 13.9.2021. Ny kommunelov krev også at du samtykker til attval. Du gjer dette ved å registrera deg her.

Oversikt over dei ulike kretsane i Kvam:

  • Strandebarm
  • Tørvikbygd
  • Norheimsund
  • Øystese
  • Ålvik

Økonomiske rettar

Dersom du gjennomfører opplæring, er med på rigging av vallokale og stiller opp på vakt på valdagen, så har du rett på ei godtgjersle på kr. 1500. Leiarane i røystestyra får ei godtgjersle på kr. 2000. Du får i tillegg dekka tapt arbeidsforteneste dersom du må ta fri frå arbeidet ditt.

Me treng følgjande opplysningar frå deg:

Desse opplysningane om deg er ferdig utfylt for deg når du loggar inn i skjemaet:

  • Fullt namn
  • Fødselsnummer
  • Di folkeregistrerte adresse. Kontroller likevel om denne stemmer.

Desse opplysningane må du sjølv passa på å fylla ut:  

  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Kryss av for kva røystestyre du ønskjer verv i. Du må velja eit av dei 5 røystestyra (Strandebarm, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese eller Ålvik).
  • Vallokala er opne frå kl. 10.00- 20.00 valdagen 13.9.21. Det er difor fleire vakter i løpet av dagen. Kryss av for kva tidspunkt som høver best for deg: Føremiddag eller ettermiddag/ kveld. Det er leiarane i dei ulike røystestyra som set opp vaktlistene til slutt og du kan difor få spørsmål om vakt på eit anna tidspunkt enn det du har kryssa av for.