Søk om tilskot frå viltfondet

Klikk for stort bilete Juan Lacruz (WikiCommons), CC BY-SA 3.0 Det kan søkjast om tilskot frå Kvam viltfond til viltrelatert arbeid i heradet. Søknadsfristen er 1. mai 2019, og ein kan søkja via digitalt søknadsskjema.

Fondet kan brukast til:

  • Tiltak for å fremja viltforvaltning, styrka kunnskapen om viltet, jaktorganisering og liknande i heradet og i naboherad gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar.
  • Tiltak for å førebyggja skade på landbruksnæring som skuldast hjortevilt.

Tildeling av midlar frå fondet

Det kan tildelast midlar frå viltfondet til lag, organisasjonar, verksemder og einskildpersonar.

Søknaden skal innehalda (miniumskrav)

  • Kva tiltaket går ut på, søkjaren si utgreiing og vurdering av tiltaket.
  • Opplysningar om søkjar.
  • Investerings- og finansieringsplan.
  • Framdriftsplan.
  • Kven som er deltakarar og skal utføra tiltaket.

Utbetaling

  • 50% av tilsagnet kan utbetalast ved oppstart før fullstendig investering er gjort.
  • Delutbetaling kan skje mot dokumentasjon på gjennomføring med 90 % av tilsagnsummen. Fondsstyret kan gjera vedtak om eingongsutbetaling.
  • Frist for gjennomføring av tiltaket er normalt 2 år (tilsagnsåret + to heile kalenderår).
  • Administrasjonen får fullmakt til å godkjenna 1 år utsetjing av frist for gjennomføring av tiltaket, etter søknad.
  • Dersom det oppstår tilhøve som er strid med føresetnadane for støtta, kan Kvam herad avgjera at tilskot skal betalast tilbake til fondet heilt eller delvis.
  • Krav om tilbakebetaling av tilskot kan ikkje setjast fram seinare enn 5 år etter utbetaling.

Før tilskot kan utbetalast, må fylgjande føresetnadar vera oppfylde:

  • Tiltaket må vera fullfinansiert.
  • Rapport og revidert rekneskap skal vera godkjend av Kvam herad.
  • Krav som vert stilt i gjeldande lover, forskrifter og standardar skal vera oppfylde og naudsynte godkjenningar må liggja føre.

Kontaktinfo

Jan Tjosås
Leiar næring
E-post
Telefon 56 55 30 27
Mobil 920 18 912