Samrøystes budsjettvedtak

Tysdag i denne veka hadde heradsstyret i Kvam møte, der dei blant anna vedtok budsjettet for 2020.

   

Budsjettet vart vedteke i tråd med rådmannen si tilråding, men med nokre endringar og tillegg, vedteke etter eit fellesframlegg frå alle partia. 

  1. Heradsstyret nyttar 300.000 kroner frå kraftfondet til å setja i gang med regulering av gang- og sykkelveg mellom Ålvik og Vikedal. Planen skal inn i heradet sin planstrategi.
  2. Heradsstyret ynskjer eit heiltidsprosjekt, og ber rådmannen koma attende med ei sak om korleis ein kan få fleire tilsette i heiltidsstillingar. Blant anna ynskjer dei å sjå på ein såkalla vikarpool. Dei ber om at denne saka vert lagt fram i løpet av fyrste tertial 2020.
  3. Heradsstyret ber også om at rådmannen kjem attende til heradsstyret innan 1. mai med moglege måtar å gje eit framtidsretta tilbod til demente, og syner til at det nokre stader no vert etablert demenslandsbyar. Nyfiken på kva det er? Då kan du lesa meir om det på NRK Sørlandet sine nettsider, i samband med etablering av ein slik i Kristiansand.
  4. Heradsstyret peiker på at Kvamskogen er viktig for heradet, og ynskjer å bidra med administraitv hjelp og midlar til velforeninga på Kvamskogen sitt arbeid med tilrettelegging av turstier og løyper. Dei set av 150.000 kroner til det arbeidet.
  5. Heradsstyret løyver inntil sju millionar kroner til investering i naudsynte forprosjekt og til gjenoppbygging av kommunal kai i Norheimsund sentrum. I tråd med eit vedtak frå desember 2018 skal dette lånefinansierast, og heradsstyret vil ha prosjektet gjennomført i 2020.
  6. Heradsstyret vil ha ein eigen plan for Kvamsøy, som heradet eig ein stor del av, dette for å ivareta både friluftsliv, kultur og kulturminne, ålmenta sin tilgang, og dei andre eigarane av øya. Eit prosjekt med ei kostnadsramme på 300.000 vert starta opp, finansiert med midlar frå kraftfondet.
  7. Heradsstyret peiker på at budsjettet og økonomiplanen lagt fram av rådmannen er saldert ved hjelp av fond, noko som inneber at "heradet styrer mot ein svært krevjande og alvorleg situasjon mot slutten av økonomiplanperioden". Dei ber rådmannen koma attende med moglege tiltak innan fyrste halvår 2020.
  8. Heradsstyret løyvar ekstra pengar til toalett i Norheimsund. I 2019-budsjettet vart det løyva pengar til byggteknisk ferdigstilling av fem slike toalett, medan grendelaget skulle skaffa midlar til innreiing. Det synte seg at alle midlane til byggteknisk ferdigstilling av fem toalett vart brukt på dei to fyrste, og heradsstyret løyver no 262.000 kroner ekstra.
  9. Heradsstyret gjev rådmannen fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av bustader på inntil 10 millionar kroner, finansiert med lån. Eventuelle kjøp utover dette skal leggjast fram for formannsskapet for godkjenning før kjøpekontrakt vert signert.
  10. Heradsstyret nyttar 300.000 kroner frå havbruksfondet til å gje Kvam ungdomsråd eit budsjett på 300.000 kroner, som dei sjølv disponerer til saker dei ynskjer å prioritera. Pengane skal også dekkja drifta av rådet. Målet med dette er å gjera det attraktivt for ungdom å delta i demokratiet, og å bidra til rekruttering av ungdom til politisk arbeid.
  11. Heradsstyret syner til at fylkestinget i Hordaland 12. juni 2019 vedtok å løyva to millionar kroner til dagsturhytter i Hordaland, etter inspirasjon frå Sogn og Fjordane. Dette er også vidareført i nye Vestland fylkeskommune sitt budsjett. Heradsstyret ber rådmannen om å oppretta eit lokalt prosjekt der ein søkjer om spelemidlar, samt om stønad frå Sparebankstiftinga og fylkeskommunen. I tillegg løyvar dei inntil 400.000 kroner frå Havbruksfondet.
  12. Heradsstyret vil ha søppelsortering i alle kommunale bygg i løpet av 2020.
  13. Heradsstyret peikar på at også Kvam herad må redusera sine utslepp, og ynskjer å førebu innføring av klimabudsjett i Kvam. I den samanhang ber heradsstyret også rådmannen om å koma attende til dei med ei sak om eventuelt medlemskap i Klimapartnere Vestland.
  14. Heradsstyret ber rådmannen om å oppretta eit prosjekt for gang- og sykkelsti mellom Tangerås og Bakka.
  15. Heradsstyret vil også sjå på moglegheita for ei ordning med bestillingsskyss.
  16. Heradsstyret justerer ordførarløna, slik at ho vert 95% av det ein stortingsrepresentant får i løn. Det tyder i praksis at ordførarløna vert redusert med 49.400 kroner.
  17. Det nye miljø-, plan- og bygningsutvalet vert finansiert med 250.000 kroner frå disposisjonsfondet.
  18. Administrasjonen får i oppgåve å utgreie og koma med framlegg til inndekking for å endra praksis når det gjeld utrekning av sosialstønad. Idag vert barnetrygd rekna som ein del av inntektsgrunnlaget, men det vil heradsstyret endra, og dei ber om ei eiga sak om dette vert lagt fram i samband med budsjettarbeidet hausten 2020.

Budsjettet vart med desse tillegga samrøystes vedteke. Du kan sjølv sjå budsjettdebatten og dei andre debattane i heradsstyret i kommune-TV. Du kan også lesa meir om budsjettet i desse artiklane i lokalavisa Hordaland Folkeblad:

Dette siste heradsstyremøtet i 2019 gjorde også vedtak i ei lang rekkje valsaker, og i ei lang rekkje saker om tildeling frå Kraftfondet. For å sjå heile sakslista kan du gå til Kvam herad sin møteportal. Der vil du også finna protokollen frå møtet når denne er klar.

Handsama lovlegkontroll om arealplanen

Heradsstyret handsama også krav om lovlegkontroll fremma i etterkant av vedtaket om kommunen sin arealplan fyrst i oktober 2019. Dette kravet vart fremma av fire politikarar – Kari Mostad (MDG), Lisbeth Fredheim Oma (KrF), Hogne Høysæter (Venstre) og Øyvind Larsen (SV).

Dei meinte mellom anna at den endra plasseringa av akvakulturområdet ved Kvamsøy burde ha vore ute på ny høyring. Rådmannen delte ikkje denne vurderinga, og rådde heradsstyret til å sjå på vedtaket som lovleg. Det var fleirtalet i heradsstyret samde i, medan eit mindretal på åtte røysta imot. Kravet om lovlegkontroll vert sendt vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjersle.