Piateed på Framnes

Rundt 700 ungdomar frå Kvam vidaregåande skule, Kvam ungdomsskule, Strandebarm skule, Norheimsund friskule og Framnes kristne vidaregåande skule samla seg onsdag i Framnes Arena. Det skjedde i samband med Kvammaveko og med verdsdagen for psykisk helse, som eigentleg går av stabelen 10. oktober. 

Klikk for stort bileteMaria Stavang, også kjend som piateed, leverte eit humoristisk blikk på mellom anna kjønsroller og skulane si seksualundervisning

Hovudattraksjon på arrangementet - som vart arrangert av Kvam ungdomsråd - var internettkjendisen og komikaren Maria Stavang, som er mest kjend som "Piateed". Loddefjordingen har tidlegare markert seg som ei samfunnskritisk røyst, og har sjølv fortalt om bakgrunnen for det i eit intervju med Bergens Tidende:

– Jeg ble sint. [...]. Jeg gikk gjennom blogger, og så hvor mange som har en stemme og blir hørt som bruker den til å snakke om hvordan folk bør endre seg. De tjener penger på 12 år gamle jenters dårlige selvtillit. Og da vil jeg heller at de skal gå til meg, sier hun, og ler litt av seg selv.

Ofte får hun meldinger fra unge kvinner, som forteller om personlige opplevelser, og om hvordan de ser opp til henne.

– Jeg tar opp ting de tenker på. Sammenlignet med mange offentlige personer i dag, som vil at alt skal fremstå så fint og perfekt, viser jeg det uperfekte. Jeg tror de setter pris på å få se det uperfekte, men som ikke er psykiske lidelser heller, mer «hverdag».

På Framnes snakka Stavang blant anna om tema som sjølvbilete, kjønsroller og skulane si seksualundervisning, på eit vis som skapte både lått og engasjement. 

Ho svara også på nokre spørsmål frå salen, og synte eit utdrag frå "russelåten" ho har laga i samarbeid med NRK Satiriks, ei satire over russelåtar med drøye tekstar. I Stavang sin variant vert kjønsrollene vert snudd på hovudet. 

Etter Piateed fekk ein også innlegg frå utekontakt Siriann Lillevik, frå skulehelsetenesta og frå ordførar Jostein Ljones. Ljones retta ein stor takk til ungdomsrådet for arbeidet dei gjer, blant anna med å setja søkjelys på psykisk helse blant unge.

Klikk for stort bileteMaria (Piateed) Stavang (fremst), saman med ungdomsrådet i Kvam