Offentleg ettersyn: Utkast til planprogram for kommunedelplan for oppvekst

Klikk for stort bileteI formannskapsmøte 7. oktober la formannskapet samrøystes utkastet til planprogram for kommunedelplan for oppvekst ut til offentleg ettersyn fram til 19. november.

Planstrategien for Kvam herad 2020-2023 seier at det i løpet av perioden skal koma på plass ein oppvekstplan, med føremål om å samla satsinga Kvam allereie har gjort innan oppvekst.

Kommunedelplan for oppvekst var også vedteke i planstrategien for 2016-2019, men vart ikkje sett i gang i denne perioden. Når formannskapet no har sett i gang arbeidet, vert planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Planprogrammet tek føre seg føremålet med planarbeidet, bakgrunn for arbeidet, overordna føringar, tema og innsatsområde i planen, trong for utgreiingar og planprosessen med framdriftsplan, organisering og medverknad.

Du finn utkastet til planprogram via Framsikt. Utkastet vert lagt til offentleg ettersyn i seks veker i samsvar med plan- og bygningslova § 4-1 og § 11-13; det vil seia fram til 19. november.