Nytt regelverk for straumstøtteordninga for frivillige organisasjonar
Lotteri- og stiftelsestilsynet overtek forvaltninga av ordninga for straumstøtte til frivillige organisasjonar. Søknadsskjema for april til juni vil verta opna i siste halvdel av august.
Regjeringa har vidareført tilskotsordninga for frivillige organisasjonar som følgje av dei ekstraordinære straumprisane. Ordninga varer til og med mars 2023.
Den fyrste tilskotsperioden (desember 2021 - mars 2022) vart forvalta av kommunane. Regjeringa har no vedteke ei ny forskrift for tildelinga av tilskotet, og frå april 2022 er det Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar ordninga. Søknad skal også sendast desse. Følgande organisasjonar kan søkja:
- Verksemder som er registrert i Frivillighetsregisteret
- Verksemder som ikkje er i Frivillighetsregisteret, dersom eigarar / medlemer med avgjerande mynde er registrert i det.
- Andre frivillige verksemder som ikkje er dekka under dei to fyrste punkta kan søkja dersom verksemda i hovudsak vert drive gjennom frivillig arbeidsinnsats, og der det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske føremoner frå verksemda. Frivillig arbeidsinnsats er definert som arbeid gjort utan løn eller annan form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida.
- Søkjar må ha organisasjonsnummer.
Meir informasjon om ordninga er å finna på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.
Publisert avØyvind Strømmen
Sist endra18.07.2022 10:10