Kulturminneplanen vedteken

Kinck-garden Knut Markhus Kvam herad sin kulturminneplan inneheldt ei «gul liste», med oversikt over stader og miljø med lokal kulturhistorisk verdi. Då heradsstyret handsama planen tysdag i førre veke, vart lista utvida.

Kva er eit kulturminne? I heradet sin kulturminneplan legg ein til grunn at kulturminne både er ein ressurs her og nå, og ein ressurs me forvaltar på vegner av dei som kjem etter oss. Både dei offentlege og innbyggjarane i kommunen har eit ansvar for å ta vare på kulturarva på ein god måte. Då er det også viktig med prioriteringar.

Ein kan skilja mellom fleire ulike typar kulturminne: dei automatisk freda, kulturminne frå nyare tid, kulturmiljø, kulturlandskap og immaterielle kulturminne.

Dei eldste kulturminna

Kulturminne frå før 1537 – året for reformasjonen i Noreg – er automatisk freda. Det same gjeld for bygningar frå før 1650 og for kulturminne i vatn og vassdrag som er eldre enn 100 år.

I Kvam er det registrert 352 enkeltminne fordelt på 282 ulike stader som er automatisk freda. Blant dei er gravhaugar og -røyser, buplassar, hustufter og anlegg for framstilling av kol. 13 stader er det registrert bergkunst, altså helleristningar. Vidare har ein kjennskap til tre nausttufter frå mellomalderen eller tidlegare, fem stølsområde, seks veganlegg og eitt forsvarsanlegg: bygdeborga Kletten på Steine.

Kyrkjegardane i Strandebarm og Vikøy er også automatisk freda, og det same gjeld for den gamle kyrkjegarden i Øystese. Stovebygningen på Drage, gamlestova på Skålheim og ei røykstove på Nes ved Mundheim fell også innanfor denne kategorien.

Kulturminne frå nyare tid

Dette er kulturminne frå perioden etter 1537 og fram til vår eiga tid. Det kan til dømes vera bygningar, husmannsplassar, stølar og vegar. Slike kulturminne kan fredast etter vedtak eller føresegn, eller vernast gjennom plan- og bygningslova. I den «gule lista», som vert presentert nedanfor vil du finna mange slike kulturminne.

Kulturmiljø er område der kulturminne er del av eit større heile eller ein vidare samanhang. Dei vert avgrensa gjennom ei samla vurdering av kulturhistorie, kulturminne og tidsdjupn i eit område.

Kulturlandskap er alt landskap som er prega av menneskeleg verksemd. Ordet vert nytta når ein fokuserer på menneskeleg påverknad av landskap, og vert ofte nytta om jordbrukslandskap, stølsvollar og liknande.

Immaterielle kulturminne

Kulturminna som gøymer seg bak det litt vanskelege namnet «immaterielle kulturminne», er kulturytringar som ikkje er fysiske, men som lever vidare skriftleg, muntleg eller på anna vis.

Det kan dreia seg om språk, sosiale skikkar, tradisjonelle handverksferdigheiter, ritualer, kunnskap og ferdigheiter knytt til naturen. Kulturminneplanen peiker på fleire viktige slike: hardingfeletradisjonen, musikkarva etter Geirr Tveitt, lokal song- og dansetradisjon, matkultur, stadnamn, dialekta, bandasmiing, kvammabunaden og båtbyggjartradisjonen.

Handlingsplan

Når det gjeld dialektord og uttrykk for Kvam tok heradsstyret prosjektet «Dialektord og uttrykk frå Kvam» inn i handlingsplanen for 2020.

Handlingsplanen inneheldt også ei lang rekkje andre tiltak. Blant anna skal det opprettast ein eigen kulturminnedag, det skal lagast ei kulturløype rundt krighistoria i Norheimsund og omegn, og det skal utarbeidast ein byggeskikkrettleiar for Ålvik.

Gul liste

Kulturminneplanen inneheldt også ei såkalla gul liste. Dette er kommunen si eiga liste over miljø som har lokal, kulturhistorisk verdi. Lista inneheldt også område og bygg som kjem inn under kulturminnelova. Ei oppføring på den gule lista inneber ikkje noko formelt vern i seg sjølv. Lista syner likevel viktige område med verdiar som skal verdsetjast og takast omsyn til ved byggeprosjekt og i planlegging.

Den gule lista inneheldt stader og miljø innan ulike kategoriar, frå hus og gard, til reiseliv og industriarv. Under sitt møte fyrst i oktober valte heradsstyret å leggja til fleire punkt på lista:

  • Omaholmen
  • Nes gardssag på Mundheim
  • Solheimsverkstaden
  • Ålvik industriarbeidarmuseum
  • Øvre Steinskvanndalen
  • Måvotni
  • «Mathilde»

Les meir: Sjå heile den gule lista

Les meir: Kvam i eit historisk perspektiv

Jon Nedkvitne
Sjef samfunn næring og kultur
E-post
Telefon 97 95 32 74
Mobil 97 95 32 74