Ei gruppe tilsette på Mikkjelsflaten omsorgsbustader i Øystese har delteke i eit læringsnettverk i regi av UHST (Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetenester) i Vestland. Grupper frå fleire kommunar har vore med i nettverket, som har pågått frå september i år til tidlegare i mai.
Utgangspunktet har vore på kvalitetsreforma for eldre, Leve heile livet, og gruppa frå Mikkjelsflaten har hatt fokus på aktivitetar og fellesskap for bebuarane, med følgjande tre hypoteser som utgangspunkt:
Slik har det vorte sparka i gang eit vidare arbeid med å gje eit betre aktivitetstilbod.
Som avslutting av læringsnettverket skulle kvar gruppe levera inn ein poster – eller plakat, om du vil. Den skulle seia noko om både prosessen dei hadde vore gjennom, og om vegen vidare. Gruppa frå Kvam var så heldige å vinna posterprisen, og fekk både kake og blom i premie; noko som vart feira med ei markering på Mikkjelsflaten idag, fredag 28. mai.
Kvam herad gratulerer.