Formannskapsmøte med årsmelding og kulturbyggprioritering

Kulturbyggtilskot, årsmeldinga for 2018 og arbeidsvilkår for folkevalde er blant det som står på sakslista når formannskapet har møte onsdag 24. april. 

Formannskapet i Kvam herad, i møte, september 2018

Tilskotsordninga til lokale kulturbygg kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som til dømes scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift. 

For denne ordninga søkjer ein til kommunen, og det vert fatta eit politisk vedtak med ei prioriteringsliste. Den vert sendt til fylkeskommunen, som fordeler tilskotet etter vedtak i det fylkeskommunale kultur- og ressursutvalet. 

Onsdag 24. april skal årets prioriteringsliste opp i formannsskapet, som innstiller til heradsstyret. Det har i år kome inn to søknader. Folkets hus i Ålvik har søkt om 203.000 kroner til utskifting av taket på bygget, medan Holmatun åtgaum har søkt om 150.000 til nye vindauge og takisolasjon. Rådmannen rår i si innstilling til at Holmatun vert prioritert framfor Folkets hus, sidan Folkets hus fekk midlar i 2016. 

Arbeidsvilkår og kommunikasjon

Blant dei andre sakene som står på formannskapet si saksliste er dei folkevalde sine arbeidsvilkår, der ein har gjort ein revisjon som er tenkt å trå i kraft frå det fyrste, konstituerande heradsstyremøtet etter valet. Av endringane som vert føreslege er auka godtgjersle til representantane i Kvam ungdomsråd, frå 200 kroner til 400 kroner per ordinære møte. Denne satsen har stått stille i mange år.

Det er også laga eit nytt kapittel om ordføraren og varaordføraren sine særlege rettar. Det har samanhang med at den nye kommunelova opnar opp for utvida rettar knytt til ordførarvervet.

I formannskapsmøtet vert også samarbeidsutvalet for politikk og administrasjon, SPA-utvalet, sitt framlegg til nye retningsliner for kontakt, samarbeid og kommunikasjon mellom dei folkevalde og administrasjonen. Framlegget deira kan lesast i sin heilskap i møteportalen.

Årsmelding 2018: Godt resultat

Rådmannen si årsmelding for 2018 vert også lagt fram i denne møtebolken, fyrst for formannskapet og sidan for heradsstyret. I innleiinga til årsmeldinga skriv rådmannen at det ikkje er tvil om at "det var ein god dag då resultatet for 2018 var klart": 

Eit netto driftsresultat på 41,3 mill.kr. og 4,7 % gjer godt i ein kvar kommunekasse og lettar trykket på ein pressa økonomi. Utsiktene for året såg ikkje så bra ut ved inngangen til 2018, då det i budsjettet låg eit lite underskot på 3,3 mill.kr, og utfordringane var mange. Så kom auken i kraftprisen, midlar frå havbruksfond og til slutt auka skatteinntekter som samla gav kommunen ein kraftig inntektsauke og høve til å styrka disposisjonsfond. Å styrka fondsmidlane til Kvam herad hadde likevel ikkje vore mogleg utan budsjettdisiplin og i tillegg aktiv søking for å skaffa fleire tilskot og refusjonsinntekter til drifta.

Rådmannen rettar difor ein takk til både medarbeidarar, leiarar og politikarar for stor arbeidsinnsats og styring i 2018. Samstundes peiker ho på at det finst nokre skår i gleda: Utfordringane med overskriding av budsjettrammene innan pleie og omsorg heldt fram, og baksida av høge kraftinntekter er tre millionar kroner i høgare straumpris. På det fyrste området har ein sett i gang eit arbeid, med utgangspunkt i ei tenesteanalyse gjennomført med bistand frå Agenda Kaupang. På det siste området understrekar rådmannen at det motiverer til nytt fokus på energisparing og vidare arbeid med ENØK-tiltak. 

Rådmannen peiker også på at sosialutgiftene har gått i feil retning, og skriv: 

I tillegg til lokale utfordringar, har endring i statleg praksis og lang sakshandsamingstid for uførevurderingar, gjeve kommunane i landet auka utgifter til sosialhjelp til innbyggjarar i ein vanskeleg situasjon. Problemstillinga må arbeidast med på nasjonalt nivå, men me må òg arbeida vidare lokalt med å få redusert omfanget av innbyggjarar som er avhengige av sosialhjelp. 

Både årsmeldinga i sin heilskap og dei andre sakspapira til møtet er tilgjengelege i Kvam herad sin møteportal.