Rådmannen: - Trong for strukturendring

På bakgrunn av økonomiske utfordringar, vart det i kommunebudsjettet for 2018 sett av midlar til å gjennomføra ei analyse av pleie- og omsorgstenesta. No skal rapporten leggjast fram for både formannskap og kommunestyre.

Kommunen har fått bistand frå Agenda Kaupang i arbeidet. I tillegg har ei intern prosjektgruppe delteke i arbeidet.

I samandraget heiter det at kommunen har gjort gode grep for å sikra kvalitet og tildeling av tenester i tråd med det såkalla BEON-prinsippet (beste effektive omsorgsnivå). Det tyder at det mest effektive nivået skal stå for førebygging, omsorg og behandling av sjukdom. Det heiter også at kommunen for å lukkast med å få meir berekraftige tenester, må sjå tenestetilboda til ulike brukargrupper meir i samanhang. 

Meir velferdsteknologi, styrka heimetenester

Blant dei mange tilrådingane i rapporten er auka digitalisering, meir bruk av velferdsteknologi og sterkare satsing på heimetenestene, inkludert heime- og kvardagsrehabilitering. Slik kan ein syta for at fleire kan verta buande heime lenger.

Slik rådmannen må framtidsretta helse- og omsorgstenester ha eit berekraftig kostnadsnivå. I hennar saksutgreiing heiter det at ytterlegare effektivisering og kostnadsreduksjon bør vera mogleg, men at det vil vera vanskeleg å gjennomføra utan at det får konsekvensar for tenestetilbodet til innbyggjarane. Difor er behovet for strukturendring vesentleg.

Rådmannen framhever også at det må arbeidast vidare med heiltidskultur og kompetanseheving. Rapporten påpeiker at Kvam herad på fleire område har utfordringar med låg gjennomsnittleg stillingsstorleik og låg andel tilsette med høgskule- og fagutdanning.

Vil etablera omstillingsprosjekt

I saksutgreiinga frå rådmannen heiter det også at ho vil etablera eit omstillingsprosjekt som går gjennom dei ulike tilrådingane og kva tiltak som skal iverksetjast på kort og lang sikt. Når det gjeld organisering av tenesta er det eit relativt stort arbeid innanfor rådmannen sine fullmakter, som vil skje i samarbeid med tillitsvalde. Grunna kommunen sine økonomiske utfordringar, vil rådmannen setja i gang tiltak så raskt som mogleg, for å unngå unødig ressursbruk.

Du kan sjølv lesa dokumenta i saka her: