Formannskapet sette i gang klimaplanarbeid

Formannskapet i Kvam herad har idag vedteke å setja i gang arbeidet med ein ny klimaplan, som også skal handla om klimatilpassing.

   

Kvam herad vedtok sin fyrste energi- og klimaplan (PDF-format) i mars 2012. I planstrategien for Kvam herad for perioda 2015 - 2019 vart det lagt til grunn at han skulle reviderast i 2019. Det skjedde ikkje, men i det nyleg vedtekne budsjettet for 2020 er det sett av 250.000 kroner til arbeidet med ny energiplan.

Rådmannen foreslo for formannskapet å starta arbeidet, med mål om endeleg vedtak i februar 2021. 

I saksinnstillinga frå rådmannen heiter det at den nye planen vil vera meir todelt enn den gamle. Ein viktig del av planen vil handla om korleis ein skal redusera utslepp av klimagassar og korleis ein skal kutta i energiforbruket, men ein annan del vil ta for seg korleis det skal arbeidast med klimatilpassing, det vil seia tiltak for å takla og tola klimaendringane, i vårt eige samfunn.

Formannskapet slutta seg til rådmannen sitt framlegg til vedtak, og startar med det prosessen. Det var også vedteke nokre tilleggspunkt, blant anna at ein skal inkludera FN sine bærekraftsmål og temaet artsmangfald i arbeidet, og at det i kartlegginga av klimagassutslepp skal skiljast mellom biologiske og fossile utslepp. Med dei tilleggspunkta vil utkastet til planprogram verta lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker.

Tilrår å venta med Klimapartnere-medlemskap 

På sakslista til formannsskapet stod også eit anna framlegg som heng saman me dette, rundt mogleg medlemskap i Klimapartnere Vestland. Her la rådmannen fram to alternative framlegg.

Det eine var at Kvam herad melder seg inn frå 1. mars 2020. Det andre var at ein skal prioritera arbeidet med energi- og klimaplan fyrst, og at det skal gjerast ei ny vurdering av medlemskap i samband med arbeidet med planen. I saksinnstillinga heitte det mellom anna:

Skal Kvam herad vera med å bidra til mindre klimautslepp og ta sin del av ansvaret for internasjonale, nasjonale og regionale målsetjingar, trengst det gode verktøy, fruktbare samarbeidspartnerar og auka kunnskap i heile organisasjonen, samt tiltak og konkrete handlingar.

Samstundes med forslaget om medlemskap, legg også rådmannen fram sak om forslag til oppstart av arbeidet med energi- og klimaplan, samt at planprogrammet vert lagt ut på høyring i seks veker. Administrasjonen er ikkje større enn at det stort sett er dei same ressursane som skal følgja opp eit eventuelt medlemsskap, er dei som òg skal arbeida med energi- og klimaplan. Det kan medføra at administrasjonen kan dra nytta av medlemsskapet og få innspel til planarbeidet, men vil sannsynlegvis òg medføra at både prosessen med planarbeidet og oppfølging av medlemsskap, vil gå seinare. 

Ungdomsrådet støtta i sitt møte måndag 3. februar det andre alternativet. Etter at eit utsetjingsframlegg fall, gjekk fleirtalet i formannskapet også inn for å venta med medlemskap i Klimapartnere Vestland, medan eit mindretal på tre ynskte medlemskap allereie frå 1. mars. Saka vert avgjort endeleg i heradsstyremøtet 18. februar.