Den kulturelle spaserstokken - støtte til kulturformidling til eldre

Illustrasjonsbilete av fiolin - Klikk for stort bilete niekverlaan/Pixabay. Profesjonelle kunst- og kulturaktørar kan søkja tilskot knytt til Den kulturelle spaserstokken i 2021.

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre, la gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk, og leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren.

Ordninga vert finansiert av Helse- og Omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet i fellesskap. Midlane vert utbetalt til fylkeskommunane og fordelt vidare til kommunar etter søknad. Kvam herad har søkt og fått tilskot for 2021. 

Søknadsfrist er 1. februar 2021. Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Mary Ann Sørheim på kulturkontoret, tlf. 954 07 710, e-post mars@kvam.kommune.no.

Meir informasjon - Søknadsskjema