Budsjettframlegget presentert

Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan vart presentert for heradsstyret i Kvam tysdag ettermiddag. 

I innleiinga til budsjettframlegget skriv rådmannen at me no står føre ei meir utfordrande og spanande tid i kommune-Noreg enn på mange år. Sjølv om Kvam herad sjølv ikkje er i ein samanslåingsprosess er det mange slike prosessar som påverkar oss, påpeiker rådmannen, og minner om at det er berre eitt år igjen før både Hordaland fylkeskommune og Kvam sine nabokommunar Jondal, Fusa og Granvin vert ein del av nye og større einingar.

- Kommunar og regionar kan vera konkurrentar, men har mykje å vinna på å samarbeida, skriv rådmannen som vonar at me vil lukkast med å skapa eit nytt regionsråd for Voss og Hardanger. Potensialet for turisme er stort i regionen, men heller ikkje utan utfordringar. Transport aukar klimagassutsleppa, reise og opphald kan gje relativt stort forbruk, og nokre turistattraksjonar byrjar å få store belastningar i turistsesongen. 

- Å vera i forkant, tilretteleggja og planleggja for opplevingsøkonomien, er viktig for å kunna styra veksten på ein god måte, særleg med omsyn til berekraft, skriv rådmannen, som i sin presentasjon til heradsstyret også synte til FN sine berekraftsmål. Dette er globale fellesmål i kampen for å utrydda fattigdom, redusera ulikskap og stogga klimaendringane. 

I rådmannen sitt budsjettframlegg er nokre av delmåla innarbeidd i dokumentet, med framlegg til lokale tiltak. Rådmannen framhever også at ein i 2019 skal setja i gang med ein revisjon av kommunedelplanen for energi og klima. Då skal fleire tiltak ein kan gjennomføra lokalt vurderast nærare.

Lite nytt i statsbudsjettet

Rådmannen peiker på at det ikkje er mykje nytt for Kvam herad i statsbudsjettet. Budsjettet reduserer kommunane sine potensielle inntekter frå eigedomsskatt, og vidarefører tidlegare satsingar innan demensomsorg, helsestasjon, psykisk helse, barnehage og skule. Ho peiker likevel på det kan framstå som om nye midlar vert tilført områda, noko som skapar forventningar, medan ein i røynda berre ser ei vidareføring av ei tidlegare satsing. - Mange av satsingane er ikkje fullfinansiert, men inneber ein kommunal eigenandel, skriv rådmannen. - Auke i omfang og rettar, legg ytterlegare press på kommuneøkonomien. 

Ein buffer finst, nye løysingar trengst

Overskotet dei siste åra har ifølgje rådmannen gjeve Kvam herad ein buffer. Likevel må nye løysingar finnast, for det budsjetterte overskotet frå 2. tertial 2018 på 28,6 millionar kroner vert redusert til eit lite underskot på 100.000 kroner i 2019. Innan økonomiplanperioden er slutt, vil underskotet auka til 13,8 millionar kroner, medan målsetjinga er å ha eit overskot som kan finansiera komande investeringar.

Ei av dei store utfordringane i kommune-Noreg er aukande pensjonsutgifter. Kraftinntektene har på si side vore høgare dei siste to åra, men kan koma til å falla igjen, samstundes som det er eit press frå staten om overføring av «kraftgodene» frå kommunane til staten. Kvam herad har høg lånegjeld, og framleis nye investeringar som må lånefinansierast. Dette aukar presset på drifta, som må gå i balanse over tid, og som må dekkja utgifter til renter og avdrag.

Dette tyder at Kvam herad i løpet av 2019 bør laga ein innsparingsplan for minst 10 - 15 millionar kroner. Når driftsutgiftene er på omlag 850 millionar kroner kan det høyrast ut som det ikkje er så mykje, men - åtvarer rådmannen: Det vil verta krevjande. 

- Geografien vår gjer at me har eit tilbod i ytterkantane av kommunen, og me har gjort ein del investeringar som me ikkje vil få igjen for ved ei nedlegging, skriv rådmannen. - Målet for ytterkantane bør heller vera å leggja til rette for å oppretthalda og styrka busetnaden i desse, slik at me får utnytta dei investeringane me har gjort og dei faste utgiftene me har, best mogleg. Me må likevel vurdera omfanget av tenestetilbodet i ytterkantane, som i sentrum av kommunen.

Ber politikarane vurdera nedlegging av utval

I samband med at nytt heradsstyre skal veljast, ber rådmannen politikarane å vurdera om nærings-, plan- og byggutvalet (NPB) bør leggjast ned. Etter at formannskapet har fått attende rolla som planmynde, handterer dette utvalet færre plansaker, og ny arealplan bør også medføra at det vert færre dispensasjonssaker. Rådmannen meiner samstundes at heradsstyret må vurdera fleire dagmøter, som eit rekrutteringstiltak for å gjera det lettare for småbornsforeldre å delta i politikken.

Forventar innsparingar frå digitalisering

Rådmannen har forventningar til innsparingar til digitalisering av tenestetilbodet, men åtvarer om at det krev fokus. Digitalisering inneber som regel utgifter til lisensar og programvare, og dersom kommunen ikkje har eit medvite forhold til korleis ein skal henta inn gevinstane, kan det enda med ei netto auke. - Å vera effektjegar er difor ei av dei viktige oppgåvene til leiarar i kommunen, skriv rådmannen. 

Uroleg for vedlikehaldet

- Sterke statlege føringar utfordrar det lokale sjølvstyret og høvet til å prioritera, heiter det i innleiinga til budsjettframlegget.

Rådmannen prøver likevel å verna om det førebyggjande arbeidet og tidleg innsats. Det som uroar rådmannen mest, og som er vanskelegast å laga rom til er vedlikehald av bygg og vegar. - Mykje er gjort på investeringssida, men dersom me ikkje får betra drift og vedlikehald, vil verdien av investeringane fort tapa seg, skriv ho. 

Satsingar

Sjølv om rådmannen meiner det er behov for å setja i gang med nye innsparingar, er det lagt inn ei satsing på to koordinatorstillingar i budsjettframlegget. Ei av dei gjeld ei utlysing av 100 % stilling som koordinator for kommunen sitt LEAN-arbeid. Arbeidet med kontinuerleg forbetring som organisasjonskultur og å ta i bruk ulike LEAN-verktøy for å oppnå det, er godt i gang. Likevel meiner rådmannen at det er behov for nokon som kan koordinera og leia dette arbeidet på heiltid. 

Den andre stillinga er fordelt på rolla som personvernombod for Kvam, Eidfjord og Ulvik (fordelt på 30+10+10), og 50% som opplæringskoordinator. 

I budsjettframlegget er driftstilskotet til Grannehjelpa foreslått auka med 0,2 millionar kroner til 1,24 millionar kroner, ei auke på nesten 20 prosent. Auken er føreslege som ei anerkjenning av det arbeidet som vert utført i dag, og fordi rådmannen meiner at ein må satsa ytterlegare på samskaping for å levera gode velferdstenester frametter. Auka er likevel berre om lag halvparten av det Grannehjelpa har søkt om. 

Eit liknande ressonement er brukt for søknaden frå Kyrkjeleg fellesråd som ber om midlar til diakonstilling og auka vedlikehald i kyrkjene, noko som inneber ein auke på 4,9 % eller kr 264.000. Her har rådmannen lagt inn 2,8 %, eller kr 150.000.  

Les meir: