Kommunal beredskap

Kommunar har eit generelt og grunnleggjande ansvar for å sikre tryggleiken til innbyggjarane og dei som oppheld seg innanfor kommunens grenser.

Alle uynskte hendingar som vil skje i Noreg, vil finna stad innanfor grensene til ein av landets kommunar. Kommunane utgjer derfor det lokale fundamentet i den nasjonale vernebuinga, og har saman med statlege og frivillige beredskapsorganisasjonar ein avgjerande rolle i beredskapsarbeidet.

Kommunane skal kartleggja sannsynet for at ulike uynskte hendingar kan skje innanfor kommunegrensene. Vidare skal dei kartleggje konsekvensane dersom desse hendingane skulle inntreffe. Til saman utgjer dette kommunen sine risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS-analyser).

ROS-analysene dannar utgangspunkt for risikoreduserande tiltak. Det vil likevel ikkje vera mogleg å fjerna all risiko, og kommunen skal derfor vera budd på å handtera denne restrisikoen gjennom sine beredskapsplanar.

I Kvam herad er det kommunale vernebuingsansvaret delt på fleire av kommunen sine einingar og avdelingar. Nokre av kommunen sine beredskapsplanar gjeld for arbeidet i den enkelte eininga eller avdelinga. 

Ved større krisehendingar vil det vera aktuelt å iverksette kommunen sin overordna beredskapsplan og etablera Kvam Kommunale Kriseleiing (KKL).

KKL er sett saman av ordførar, rådmannen og rådmannen si leiargruppe. I tillegg vert den supplert med fagkunnige innan informasjon, beredskapsarbeid og anna fagkunnskap innanfor det området den uynskte hendinga gjeld.