Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen er lokalisert og vatnet er tilbake i Norheimsund og i største delen av Øystese. Delar av Vavollen er framleis utan vatn.
 Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre. (Tidlegast søndag 14.12.2025.)

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Kvam på kartet

Kommunen si kartløysing er ei teneste til innbyggarane og dei som eig eigedom i kommunen.
Her kan de finna informasjon som:

  • Eigedomsgrenser
  • Kva planar og reglar som gjeld for ein eigedom
  • Kva planar som er under arbeid

Det er ei direkte kopling mellom kart og innsyn slik at det skal vera enkelt å finna fram til informasjon via kartet til kommunen.

Kvam har nyleg oppgradert kartløysinga på nett og utsjånaden er noko endra. Det er ingen endring på tilgjengeleg informasjon, men det er litt endringar på kor du finn dei ulike vala. 

Kvam herad har to kartløysingar.
Følg lenkene nedanfor for å koma til dei:

Kart

Dette er ei kartløysing som er tilpassa nettbrett og mobil i tillegg til datamaskin. 
Denne løysinga er kjappare og har den mest nødvendige informasjonen.

Skjermbilda av kartløysing kalla Kart på sida - Klikk for stort bilete

 

Avansert kart

Denne kartløysing er tilpassa datamaskin.
Denne løysinga har fleire funksjonar og temakart. Det tek litt tid å laste denne løysinga.

Skjermbilde av karløysinga kalla Avansert kart på sida - Klikk for stort bilete

 

Kart som viser overvatn

Denne løysinga viser dreneringsliner og lågbrekk i terrenget, dette er eit kartverktøy som vert nytta i samband med handtering av overvatn.

Artikkelliste

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.