Kommunale tomter til salsMe har per i dag ikkje ei liste over kommuanle tomter til sals i Kvam.Lurer du på kvar det er kommunale tomter til sals? Du finn sjølv informasjon om kvar det er ledige tomter ved å gå inn kartløysinga vår. KartløysingaSlik gjer du detNaviger til rett område.Gå inn på kartlag og eigedomsinformasjon.Huk av for eigedomsinformasjon og kommunale eigedomar. Du får då fram eigedomsgrenser for private og kommunale eigedomar.Kartet vert då sjåande ut som vist under med grenser og kommunale eigedomar i lilla. Illustrasjon av kommunale eigedomar i kartløysinga Me hentar inn takstOm du finn ein eigedom du er interessert i og ynskjer å kjøpa, tek du kontakt med heradet. Få med gards- og bruksnummer på tomta du når du kontaktar heradet. Kvam herad kan då henta inn ei verdevurdering for å selja tomta. Publisert av Ole Kristian Grønneng Sist endra 06.06.2025 09:45