Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen er lokalisert og vatnet er tilbake i Norheimsund og i største delen av Øystese. Delar av Vavollen er framleis utan vatn.
 Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre. (Tidlegast søndag 14.12.2025.)

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Pendlarkontor på Kvam kan-huset

I Kvam Kan Huset i Øystese er det to tilgjengelege pendlarkontor.

Ordninga med pendlarkontor i regi av heradet er avslutta. Kvam Kan Huset i Øystese held fram med pendlarkontor same staden. 

Leige av pendlarkontor her

Kontora har desse fasilitetane:

  • Kontorpult og stol
  • Stor dataskjerm, tastatur og datamus inkludert kablar
  • Tilgang på felles møterom og lunsjrom
  • Kaffi og te

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.