Kvam trafikksikkert herad

Godt trafikksikkerheitsarbeid gir kommunen eit trygt lokalmiljø, mindre skadar og fornøgde innbyggarar.

Bilde av menneske frå Trygg trafikk og Kvam herad - Klikk for stort bilete

*Sjå Transportøkonomisk Institutts forskningsrapport

Ved å bli godkjent som Trafikksikkert herad kan ein vera trygg på at dei lovar og forskrifter kommunen er pålagt er systematisert.

Trafikksikkert herad er eit kvalitetsstempel for kommunen som syner at kommunen jobbar systematisk, heilheitleg og har gode rutinar.

 

logo trafikksikkert herad - Klikk for stort bilete

 

For kommunen si leiing gjeld fylgjande kriterium og krav:

Kriterium som må oppfyllast

  • Kommunen har forankra ansvaret for trafikksikkerheitsarbeid hos ordførar og rådmann. Delansvar kan ligga hos den enkelte einingsleiar.
  • Kommunen har eit utval med ansvar for trafikksikkerheit.
  • Kommunen har innarbeida trafikksikkerheit i HMS/internkontrollsystemet som inneheld reglar for reiser og transport i kommunen sin regi, og ved kjøp av transporttenestar.
  • Trafikksikkerheit er eit årleg tema i kommunen sitt arbeidsmiljøutval (AMU).
  • Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulukker og trafikkuhell (materiellskadar) i kommunen.
  • Trafikksikkerheit er ein del av kommunen sitt folkehelsearbeid.
  • Kommunen har ein trafikksikkerheitsplan. Planen har rullerings- og rapporteringsrutiner. Planen ivaretar både trafikantretta og fysiske tiltak.
  • Kommunen har eit godt system for å behandle søknadar om skyss pga. særleg farleg skuleveg.
  • Kommunen har oppfylt kriteria for den enkelte sektor.

Krav til dokumentasjon

Ein kommune som ønskjer å bli godkjent må ha oppfylt alle kriteria over. I tillegg må følgjande kunne dokumenterast skriftleg:

  • Skriftleg dokumentasjon frå rådmannen om at alle kriteria er oppfylt
  • Kommunen sin trafikksikkerheitsplan. Trafikksikringsplan for Kvam herad 2024 -2027 finn du på denne lenka. (PDF, 3 MB)
  • Retningslinjer for tilsette si ferdsel i trafikken (i teneste)
  • Rutiner for kjøp av transporttenester
  • Dokumentasjon frå barnehagane
  • Dokumentasjon frå skulane
  • Dokumentasjon frå kommunalteknisk avdeling
  • Dokumentasjon frå kulturavdelinga
  • Dokumentasjon frå kommuneoverlegen
  • Dokumentasjon frå helsestasjonane

For til dømes: skule og barnehage, teknisk, kultur og helsestasjon gjeld eigne kriterier og krav. Kriterier og krav for dei ulike einingane finn du på denne lenka som fører til Trygg trafikk sine sider.

______________

Her følgjer ei lenke til ulike filmar

som enkelt forklarar kva trafikksikkert herad her,

korleis kommunen blir godkjent

og kva det betyr å vera eit godkjent herad: Trafikksikkert herad på YouTube.

Skjermbilde av youtube film om trafikksikkert herad  - Klikk for stort bilete

 

Kvar månad har me ulike fokus på trygg trafikk som me formidler på vår nettside og Facebookside.

________________________

Tema for april 2024:

Rygg inn, kjør ut!

Det er mange gode grunnar til at du bør rygga inn på parkeringsplassen.

Her får du fleire gode grunnar til at du bør parkera med fronten ut:

  • Du har bedre oversikt når du kjem til parkeringsplassen og det er difor tryggare å rygga inn.
  • Det kan vera enklare å oppdaga gåande og andre køyrande når du står parkert med fronten ut.
  • Alvorlege ulukker skjer på parkeringsplassar, og små barn er særleg utsatt. Dei har ikkje same risikoforståing som oss vaksne, dei er små og vanskeleg å oppdaga i blindsona.  
  • Kvart år opplev over 100 000 bilistar uhell ved rygging. Det utgjer bilskadea for over 100 millionar kroner i følge forsikringsselskapa.

 

Annonse for Rygg inn, køyr ut kampanje for Trygg trafikk april 24 - Klikk for stort bileteRygge i samanheng med parkering? Rygg inn og få god oversikt når du køyrer ut. Smart, ikkje sant? #trafikktryggleikskultur

 

Meir informasjon om månadens tema finn du på Trygg trafikk sine sider via denne lenka