Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

Tilsyn med forsøpling

Kommunen har som lokal miljøforvaltar ansvar for tilsyn med forureinings- og forsøplingssituasjonen innanfor eigne kommunegrenser. For å utføra oppgåver knytt til dette har fleire BIR-kommunan inngått eit samarbeid og delegert mynde til BIR AS.

Interkommunalt samarbeid

Frå 1. januar 2015 har BIR AS hatt eit ansvar for forsøplings- og forurensningssaker i kommunane Bjørnafjorden (tidlegare Os og Fusa), Kvam, Osterøy og Vaksdal. Seinare har også Askøy, Samnanger og Bergen blitt med på samarbeidet, som no inkluderer alle BIR-kommunane.

Ifølgje avtala om interkommunalt samarbeid om tilsyn med forsøpling, har BIR fått delegert mynde frå kommunane. Målet er registrera ulovleg forsøpling, syta for opprydding og å førebyggja ulovleg avfallshandtering. Det er ikkje BIR som utfører sjølve ryddejobben: Dei får dei ansvarlege til å rydda opp. Fortrinnsvis er dette forsøplar, men i nokre tilfelle fell ansvaret for opprydding på grunneigar.

Kva for saker inngår i det interkommunale samarbeidet?

Samarbeidet om ureinings- og forsøplingssaker er knytt til villfyllingar og forsøpling i naturen eller på privat og offentleg eigedom, og inkluderer fjerning av bilvrak og øydelagte landbruksmaskiner, oppfølging av ulovleg lagring av avfall og bossbrenning. Etter forureiningslova er det forbudt å oppbevara, etterlata eller tøma avfall slik at det kan verka skjemmande eller kan vera til skade eller ulempe for miljøet.

Har du tips?

BIR vil gjerne ha tips om forsøpling og/eller forureining i BIR-kommunane. Kontakt BIR sitt kundesenter på epost: bir@bir.no, eller på telefon: 55 27 77 00

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.