RenovasjonBIR AS har ansvaret for renovasjon i Kvam herad. BIR AS står for innkreving av renovasjonsavgift. Du finn meir informasjon om BIR på www.bir.no.Renovasjonsgebyra finn på BIR sine prissider.Alle prisar er eksklusiv 25% mva. Historikk prismodellKvam slutta seg til prismodell frå BIR for utrekning av renovasjonsgebyr i vedtak i sak 171/08 Kvam heradsstyre 18.12.2008 Modellen vart teken i bruk for gebyrberekning i Kvam Herad frå 1.1.2009. Lovgrunnlag renovasjonsgebyrI medhald av lov 13.03.1981 nr.6 (Forureiningslova) §34 vert avfallsgebyr for Kvam herad for 2018 fastsett i tilknyting til kommunen sitt budsjettvedtak for 2018. Vedtaket er i samsvar med framlagt forslag frå BIR Privat AS. Prisane kjem fram i eiga prismatrise som er vedlagt heradsstyresak om prisar og gebyr for 2018. Deponiavgift renovasjonsgebyrI tillegg til prisane til BIR AS, har kommunen eit påslag på kr 300,- for deponiavgift. Kommunalt påslag for hytter/fritidsbustader er redusert til 50%, for campingvogner 25%. HytterenovasjonBIR har eit differensiert gebyrsystem for hytteeigarar. Det tyder at gebyret du betalaar skal vera tilpassa avfallsmengden du leverer. Hytter med høg standard leverer erfaringsmessig meir avfall enn hytter med lågare standard, sjølv om det i praksis ikkje er mogleg å måla akkurat kor mykje avfall den enkelte hytteeigar har levert. BIR har vald å differensiera hytterenovasjonsgebyra ut frå ei kategorisering av hyttene etter følgjande kriterier: Tilkomst. avstand frå kjørbar veg (bil) eller bryggja (båt) til hytta < 1 km Innlagt vatn Innlagt straum Firmahytter og lagshytter Hyttene er fordelt i kategoriar der til dømes firma- og lagshytter ligg i den eine ytterkanten av skalaen, medan stølar lang til fjells utan tilknytning til infrastruktur ligg i den andre: Firmahytter, lagshytter 2 eller 3 av kriteria 1 av kriteria 0 av kriteria Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 18.07.2025 10:44