Psykisk beredskap

Det kjem dagar som endrar alt. Nokon kriser rammar brått og brutalt, som naturkatastrofar, ulukker eller terrorangrep. Andre utviklar seg over tid, som den tunge klumpen av uro i brystet, einsemda som kryp inn i kvardagen, eller samhaldet som gradvis forvitrar.

 

Det einaste me veit, er at ingen slepp unna. I dag kjenner mange på uro og usikkerheit, i verda rundt oss og i eigne liv. Det stiller nye krav til korleis me tar vare på vår psykiske helse - som enkeltmenneske og som samfunn.

Morgondagen har alltid vore uføreseieleg. Me treng å styrka vår psykiske beredskap.

Menneske er bygd for å tåla – men ikkje åleina. Psykisk beredskap handler ikkje om å eliminera usikkerheit, men om å finna tryggleik i måten me møter den på. Når me deler erfaringar, bygger fellesskap og styrkar det me faktisk kan påverke, blir me meir robuste – som individ og som samfunn.

 

sjekkliste for psykisk beredskap 10 punkt - Klikk for stort bileteSjekkliste for psykisk beredskap Verdensdagen for psykisk helse

 

Sjekkliste for psykisk beredskap

1. Stopp katastrofetankane
Når tankane går i loop – gå ut, ring nokon eller gjer noko praktisk.

2. Hald på minst éi rutine
Frukost, dusj, leggetider. Rutinar gjev fotfeste.

3. Søk kontakt med andre
Vis at du er der – og at du ikkje vil stå åleine.

4. Hald kroppen i gang
Bevegelse hjelper både hovudet og humøret – all aktivitet tel.

5. Gi hovudet pause
Ta ti minutt utan å gjere noko som helst. Det gjer ein forskjell.

6. Gjer det som gjev deg driv
Jobb, hobby, frivillig arbeid – du veit best kva som gjev meining for deg.

7. Sei nei før det seier stopp
Set grenser og bruk kreftene dine klokt.

8. Snakk om det før det blir krise
«Eg slit litt» kan vere nok å seie.

9. Le litt – kvar dag
Latter gir lette, sjølv når alt kjennes tungt.

10. Bruk det som har hjelpt deg før
Dine eigne erfaringar er ditt viktigaste verktøy.

 

Les meir om psykisk beredskap på nettsida til Verdensdagen for psykisk helse her

Kjelde: Verdensdagen for psykisk helse.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.