Informasjon ved beredskapshendingar

Kva skjer når straum- og mobilnett ikkje fungerer? Om heile kommunen er utan straum, fungerande mobilnett og internett - over tid har me kommunale beredskapsmøteplassar. 

Kvam herad har ein eigen informasjons- og kommunikasjonsplan for krisehendingar. 
Målet er å:

  • Sikra intern og ekstern informasjonsflyt
  • Bidra til å skapa tryggleik og redusere unaudsynt redsle og angst
  • Redusera og avgrensa psykiske og fysiske skader og konsekvensar
  • Hindre rykte og feilinformasjon
  • Rettleia og gjeva råd til råka partar
  • Styrkja tilliten til heradet og ta vare på omdømet til heradet

 

Informasjonskanalane ved krisehendingar er i hovudsak dei same som elles:

Ved spesielle høve kan det verta sendt ut SMS-varsling eller talemelding i deler av kommunen. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.