Førebudd på krise?

Er du budd på ein krisesituasjon? Tenk over kva for farer og ulukker som kan råka deg heime, og bu deg best mogleg. Dersom straumen vert vekke eller du vert isolert av været i fleire dagar, bør du vera rusta til å klara deg sjølv i minst ei veke.

Ver førebudd

Dei fleste av oss er avhengige av straum i kvardagen, til oppvarming, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føra til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan verta vanskelegare å få tak i naudsynte varer. Sjansen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vera budd. Med eit lite reservelager av det du treng mest - vatn, mat, medisinar og varmekjelder -  er du betre rusta til å klara deg sjølv minst ei veke.

Vurder risiko og sårbarheit i heimen din

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, DSB) rår til at du tenkjer gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kunne ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenga di hjelp og korleis du kan bidra. Dersom du har utstyr du planlegg å nytta i ein naudsituasjon, ver kjend med korleis det vert nytta, og syt for at det virker.

Ditt eige beredskapslager

Direktorat for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) tilrår til at du har ditt eige naudlager, og kan gjera dine eigne førebuingar. Les meir om dette på denne sida, som er utarbeida og drifta av DSB.