Beredskapsansvarlege i Kvam Astrid-Anett og Svein
Kva skjer når straum- og mobilnett ikkje fungerer?
Om heile kommunen er utan straum, fungerande mobilnett og internett - over tid har me kommunale beredskapsmøteplassar.
Innbyggjarar kan møta heradet på fylgjande stader:
- Rådhuset i Norheimsund – Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
- Strandebarm omsorg – Tangeråsneset 25, 5630 Strandebarm
- Elkem Bjølvefossen (hovudinngangen) – Ålvikvegen 1055, 5614 Ålvik
Når kan du nytta dei kommunale beredskapsmøteplassane?
- Du har behov for offisiell kriseinformasjon
- Hjelp til å få kontakt med naudetatane
Film om dei kommunale beredskapsmøteplassane i Kvam:
Lytt til radio for å få informasjon frå styresmaktene
Dersom det oppstår ei hending der både mobilnett og internett fell ut over tid, kjem NRK til å senda beredskapsmeldingar og viktig informasjon frå styresmaktene på radio.
Det er er tilrådd at alle husstandar har ein DAB-radio som går på batteri.
___________
Oppmøtestadene erstattar ikkje naudetatane, men ein kan vidareformidla kontakt. For helserelaterte saker skal du reisa til dei vanlege oppmøtestadene.
Ut over dette kan det verta gjennomført dør-til-dør-aksjonar, oppslag på informasjonstavler og informasjonsmøte på ulike stader i kommunen.