Eigedomsstrategi

Eigedomsstrategien skal synleggjera kva retning Kvam herad vil gå i framover som eigedomsaktør, og tena som ei plattform for prioritering, utvikling og styring. Dette inneber korleis eigedomsporteføljen skal organiserast med nødvendig avklaring av rollar og ansvar, kva som skal prioriterast og kvifor, og korleis behov skal møtast i eit samfunn i utvikling. Kommunen har ulike rollar i eigedomsforvaltninga, og desse må utøvast på ein måte som inviterer til samskaping, og til at det fremjar forståing av kva verdi offentleg eigedom har i lokalsamfunnet.

Denne eigedomsstrategien er utvikla basert på vurderte samfunnstrendar og på prioriterte berekraftsmål, innsatsområde og arealstrategi i overordna kommunale planar.

Eigedomsstrategien vart vedteken av Kvam heradsstyre 25.09.2024, HST-095/24: Eigedomsstrategi for Kvam HST095_24 (PDF, 2 MB)