Bibliotekplan 2004-2007Hovudmål for Kvam som kulturkommune: Kvam herad skal få fram kulturtilbod som er med å skapa identitet, engasjement, kreativitet, kunnskap og arbeidsplassar som gjer det attraktivt å bu i Kvam. ”Samfunnsrolla til biblioteka ligg i skjeringspunktet mellom kulturpolitikk, utdanningspolitikk og ein politikk for å styrkja demokratiet. Biblioteka er viktige når det gjeld utdanning og informasjonstilgang, litteratur- og kulturformidling. Ut frå det demokratiske aspektet må målet vere å leggja til rette for at einskildmennesket kan delta aktivt i å påverka samfunnet” Bibliotekplan for Kvam herad 2004 - 2007 - plan (PDF, 340 kB) Bibliotekplan for Kvam herad 2004 - 2007 - politisk saksdokument (PDF, 348 kB)Bibliotekplanen skal gje eit samla oversyn over den aktiviteten som vert dreve i dag, seie noko om framtidig drift, framtidige tenester og bibliotekstrukturen i Kvam folkeboksamling. Bibliotekplanen frå 1991 hadde ei fyldig og god skildring av framveksten av Kvam folkeboksamling, og dette vert difor ikkje prioritert i denne planen. Bibliotekplanen skal vere eit styringsreiskap for politikarar og kommunal administrasjon for den vidare utvikling og drift av Kvam folkeboksamling. Sist endra 29.07.2019 14:23