UtekontaktUtekontakten i Kvam er eit oppsøkjande og lett tilgjengeleg tilbod for ungdom mellom 13 og 20 år. Tilbodet er for alle ungdomar i kommunen og nettverket deira.Utekontakten driv oppsøkjande arbeid på ungdomsskulane og Kvam vidaregåande skule, ved å vera tilstades i friminutt og periodar på dagen kvar veke. Utekontakten samarbeider med skulen og skulehelsetenesta.Utekontakten driftar treffstaden Ungdomsbasen, ein uformell møteplass for aldersgruppa 13–20 år, som er open ein kveld i veka. Ungdomsbasen held til i Norheimsund i Ungdomshallen. Utekontakten er tilgjengeleg på telefon og for avtalar utanom opningstida.Utekontakten har ei aktiv rolle på følgjande områdeFerieaktivitetar for barn og familiar i regi av Ung fritidDeltek i det overordna fritidsfeltet i kommunenArbeid og planverk til heradet innan førebyggjing om rus, kriminalitet og psykososiale utfordringar, mellom anna undervising til ungdom og foreldre, oppsøkjande arbeid ved sosiale arrangement i helg og høgtid.Prosjektarbeid som omhandlar medverknad frå ungdom. Ein samarbeider då med ungdomsrådet. Aktuelle prosjekt: Basecamp, Jentebase og OppvekstkonferanseUtekontakten marknadsfører tilbodet på sosiale media i tillegg til nettstaden til heradet.Utekontakten er organisert i Familiesenteret, og har for tida to tilsette, i til saman 1,5 stilling. Ungdomsbasen engasjerer dessutan ungdomar som frivillige medarbeidarar, «Dozers». Publisert av Ole Kristian Grønneng Sist endra 09.01.2025 11:27