Tobakk

Alle som vil selja tobakksprodukt må registrera seg i Tobakksalsregisteret. Kommunen har ansvar for tilsyn med dei som sel tobakk i butikk, bensinstasjon, kiosk, serveringsplass, overnattingsplass med vidare. 

I Kvam er det sals- og skjenkjekontrollen som har ansvar for tilsynet. Kvar salsplass skal ha minst eit besøk i året, og det skal vera to gonger så mange tilsyn i året som det er salsplassar.

Det er særleg aldersgrenser og internkontroll me kontrollerer, men ogso andre moment i tobakkskadelova som plassering i butikk. 

For utfyllande informasjon om tobakksal, sjå nettsidene til Helsedirektoratet

For informasjon om gebyr, sjå kommunale gebyr og prisar.

Nils Anders Bolstad
Leiar
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20