Skjenking for einskilde høveOm du skal arrangere eit arrangement for eit einskild høve, og vil skjenka alkohol, vil du i dei fleste tilfella måtte søkja om eit skjenkeløyve. Det er berre i særskillde tilfelle som til dømes eit bryllaup eller jubileum at du kan skjenka utan å søkja om løyve. Skal du skjenka alkohol mot nokon form for betaling, må du søkja om løyve. Søknad må vera sendt inn 14 dagar før arrangementet. Reglar for einskilde høve i Kvam Det kan tildelast skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 for einskilde høve i forsamlingslokale med eventuelt uteområde. For skjenking på uteområde gjeld same krav som i § 4-b. Det vert ikkje gjeve skjenkeløyve for idrettsarrangement. Det vert sett som villkår at skjenkestyrar og stedfortredar, og minst 1/3 av dei øvrige vaktar/ mannskap må ha gjennomførd skjenkekurs i regi av heradet, eller ha gjennomførd kunnskapsprøve for skjenking av alkohol. For å få løyve til einskildhøve må det vere minimum 18 år aldersgrense til skjenkelokalet. Det kan søkjast om dispensasjon ved særskild spesielle arrangement der det vil vere naturleg å gje adgang til ungdom under 18 år. Dette kan t.d. vere konsertar, revy eller andre kulturelle arrangement. Brot på villkåra sett i løyvevedtaket og alkohollova kan medføra karantene for både huseigar og arrangør. Krav til vaktar og mannskap* Type arrangement Krav Lukka lag/ medlemsfest/ kulturarrangement i regi av etablert kulturinstitusjon (t.d. Kabuso, Galleri Puls, fartøyvernsenteret, museum Minimum 2 stk med kurs/ kunnskapsprøve Arrangement med inntil 50 gjestar Minimum 4 stk, kor av 2 stk med kurs/ kunnskapsprøve Arrangement med mellom 51 og 100 gjestar Minimum 6 stk, kor av 2 med kurs/ kunnskapsprøve Andre arrangement enn dans med meir enn 100 gjestar** Minimum 9 stk, kor av 3 med kurs/ kunnskapsprøve Dans med 100 til 250 gjestar Minimum 12 stk, kor av 4 med kurs/ Kunnskapsprøve Dans med meir enn 250 gjestar Minimum 20 stk, kor av 6 med kurs/ kunnskapsprøve *Vaktar og mannskap betyr dei som er direkte involvert i skjenkinga, t.d. dei som står i baren eller ryddar i lokalet, og reine vaktar. ** Døme på andre arrangement enn dans er konsert med sitteplasser, teater, revy o.a. OBS! Alle arrangement må meldast til politiet som kan sette andre krav til vakthald i hht lokale politiforskriftar. Sist endra 13.02.2025 13:15