Skjenkjeløyve for faste skjenkjeplasser
All servering av alkohol mot betaling eller vederlag krev skjenkjeløyve. Ein kan søkja om skjenkeløyve for øl, vin og brennevin.
Skjenkeløyve gjeld normalt for gjeldande kommunestyreperiode.
Skjenkeløyve vert gjeve til den som er økonomisk ansvarleg for verksemda. Løyvehavar kan vere ein fysisk person eller eit ansvarleg selskap, eit aksjeselskap eller ei samanslutting.
For kvart løyve skal det vera ein styrar og ein stedfordreder som må godkjennast av kommunen. Styrar og stedfortreder må vera tilsette på skjenkestaden eller arbeida i verksemda i kraft som eigar. Styrar og stedfortredar må dokumentera bestått kunnskapsprøve om alkohollova. Kunnskapsprøva kan takast på rådhuset i Norheimsund.
Den som vil ha skjenkjeløyve må òg ha serveringsløyve.
Sist endra 13.02.2025 13:15