Av og til høver det ikkje med alkohol.

Kvam er ein av over 60 AV-OG-TIL-kommunar. 

Hedler, Ålvik. Barn med armane i veret, kvamsøy og fjorden - Klikk for stort bilete Kjell Inge Tufte Tyssen

 

Av og til set fokus på situasjonar der alkohol utgjer ein særskild risiko eller kan vera til ulempe for andre. Dei definerer seg som ein alkovettorganisasjon.  Av og til vil bidra til å redusera dei negative følgjene av alkoholbruk i samfunnet og gjera kvardagen tryggare for alle.

 

Gjennom kampanjar som går heile året, set me i Kvam fokus på at det ikkje alltid er greitt med alkohol. 

Døme på kampanje jul 2023:

annonsebilde av og til jul 2023 - Klikk for stort bilete

 

I vår kommune arbeider me for godt alkovett. Alkohol har fleire sider, i nokre samanhenger kan alkoholbruk skapa vanskelege eller ubehagelege situasjonar. 

Difor treng me godt alkovett. Det handlar om å ta omsyn og bidra til eit tryggare og betre lokalsamfunn. 

Me fokuserer på:

  • at vaksne skal vera medvitne sin alkoholbruk når dei er saman med barn og unge
  • å gjera sjøen tryggare for båtførarar, passasjerar og dei som badar
  • å førebyggja skadeleg alkoholbruk i livskrisar
  • Idrett

 

I desse situasjonane er det ekstra viktig å visa alkovett:

  • Arbeidsliv
  • Båt- og badeliv
  • Graviditet
  • Idrett og friluftsliv
  • Livskriser
  • Samvær med barn og unge
  • Trafikk

 

Ynskjer du/din organisasjon/arrangement samarbeid med Av og til kan de ta kontakt med Guro Torpe - Av og til ansvarleg i Kvam herad. 
E-post: gurtor@kvam.kommune.no

 

Mykje nyttig info er å finna på denne lenka til AV-OG-TIL sin nettstad

av og til logo - Klikk for stort bilete
Guro Torpe
Ruskonsulent
E-post
Telefon 90 55 02 86
Mobil 90 55 02 86