Retningslinene tek for seg sals- og skjenkjetider i Kvam, kriteria for einskildhøver, vaktkrav, gebyr og anna.
Les retningslinene. (PDF, 149 kB) Her er nokre av dei grunnleggjande reglane i Kvam:
Løyveperioden
Sals- og skjenkeløyver vert gjeve for inntil fire år av gongen, men aldri lenger enn til neste heradsstyreperiode. Det vert òg gjeve løyve for tidsavgrensa periodar, mellom anna for einskilde høve til dømes ein revy, dans og pub på eit ungdomshus.
Skjenkje- og salstider
- Skjenkjing av gruppe 1 og 2 (drikke med 2,5 % inntil 22 % t.d. øl og vin) er mellom kl. 12.00–02.00. I særskilde tilfelle kan skjenkjing starta kl. 09.00. Sjå kven dette gjeld i retningslinene.
- Skjenkjing av gruppe 3 (brennevin med 22 % til 60 %) er mellom kl. 13.00–00.30.
- Dei same skjenkjetidene gjeld ogso om det er gjeve løyve for utandørs skjenkjing.
- Sal av alkoholhaldig drikke opp til 4,7 % (og eventuelt utvida løyve opp til 22 %) er mellom kl. 08.00–20.00 på kvardagar, og til kl. 18.00 på laurdagar og dagar før heilagdagar.
Særskilde reglar for einskilde høve
Det vert berre tildelt skjenkjeløyve for alkoholhaldig drikke mellom 2,5 % inntil 22 % (øl og vin) for einskildhøve. Vidare er det eit krav om at skjenkjestyrar og stedfortredar skal ha gjennomførd skjenkjekurs i regi av heradet eller bestått kunnskapsprøva. Same kravet gjeld for minst 1/3 av mannskapet som skal vera involvert i skjenkjinga (t.d. vakter og barpersonell). Det må vera 18 års aldersgrense til skjenkjeområdet.