Kraftfondet i Kvam - Nettsider for Kvam herad

Kraftfondet i Kvam

Kvam herad har eit kommunalt kraftfond som primært kan nyttast til næringsutvikling, nyetablering og bedriftsutvikling.

lærling på Elkem Bjølvefossen framfor omn - Klikk for stort bilete

 

Ny søknadsrunde i 2026

Heradsstyret i Kvam sette av kr 500 000,- til ein kommande søknadsrunde.

Kr 50 000,-  er løyvd (Arkivsaknr 25/5008 - 2 Stønad til ny skibru, Kvamskogen)

Det er difor kr 450 000.- til nye søknadar.

Søknadsfrist 1. april 2026

Søknadar skal leverast på: 

www.regionalforvaltning.no

Kven kan søka:

  • Fondet kan støtta både bedriftsretta tiltak og tilretteleggande tiltak og prosjekt.
  • Det kommunale kraftfondet skal i fyrste omgang leggja til rette for- og gje støtte til nyetableringar og til dei minste verksemdene.
  • Fondet kan også nyttast til foranalysar og forprosjekt for utvikling av nye forretningsområde og lokalmarknadsbaserte prosjekt i større verksemder.

Nyttige lenkjer

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.