Vilttelefonen har ettersøk av skadd vilt under jakt, påkøyrsler og fallvilt. De skal ringja vilttelefonen om de ikkje har funne skadeskote dyr innan éin time.
Ved skadeskyting under jakt på hjort
Om jeger eller jaktlaget ikkje finn dyret sjølv innan ein time, skal de ringja Kvam vilttelefon på tlf. 951 63 075.
De kan om naudsynt ta kontakt på eit tidlegare tidspunkt.
Vaktnummeret kan ringjast til heile døgeret. Det kostar ikkje jegeren eller jaktlaget noko ekstra når valdet har avtale om ettersøk for løyva i valdet.
Det er viktig å ta kontakt med vilttelefonen tidleg når spora er ferske, og utan at det har vore mykje aktivitet i terrenget som øydelegg spora. Vilttelefonen har føre personopplysingar konfidensielt. Personar vert ikkje omtala i opprit eller liknande.
Kvam vilttelefon
Sist endra 13.03.2026 12:34