Anne Cathrine Eiken
Frå eventyrland til draumeland
Prosessen med «Alice i Draumeland» starta allereie før me var ferdige med fjorårets forestilling «Ronja Røverdatter». Det er ikkje så lett å vite kva ein skal setje opp, for stykket må passa dei aktørane me har med oss, og vera overkommelig for alle involverte (kostymesyarar/musikarar/scenografar osv).
«Alice i Eventyrland» er ein tittel dei fleste har høyrt om, men som mange eigentleg ikkje veit kva handlar om. Originalen har ikkje ein veldig tydelig moral, noko eg skulle ynskja den hadde. Derfor skreiv eg eige manus basert på karakterane, men med tilpassa historie til våre elevar.
Stykket gir rom for mykje “gøye” kostymer, store dansenummer, og spanande scenar. Sjølv har eg mest erfaring innan musikalsjangeren, og det ber forestillinga preg av. I framsyninga møter me Alice som slit med å finna sin plass blant resten av ungdommane. Ho havnar plutseleg i draumeland der ho møter mange ulike karakterar som sender ho i retning til ei grusom dronning. På vegen finn ho endeleg seg sjølv.
Anne Cathrine Eiken
Øving, øving og øving
I slutten av august var elevane klare for eit nytt semester. Manus var ferdig skriven, musikk var bestemt, og jobben med å skapa forestillinga kunne endelig starte. Det er 30 skodespelarar og teaterdansarar frå 5.-10. klasse som har øvd kvar veke sidan då.
Me fant fort ut at me ynskte å ha med vaksne i denne førestillinga også, då me ser stor verdi i å samla mennesker i så ulik alder. Dei unge ser opp til dei vaksne og motsatt. Dei har mykje å læra av kvarandre. Totalt er det 27 vaksne som er med som kor og dansarar. Dei har øvd sidan januar og vore med på dei to siste øvingshelgene.
I tillegg har me med oss 16 songelevar som har øvd sidan i haust på eit stort nummer der alle borna er på scena og syng og dansar samtidig. Totalt er det godt over 70 stk som skal blomstre på scena.
Og det gjer dei med glans!
No er me godt i gong med innspurten. I går hadde me fyrste øving saman med bandet, og det var utruleg kjekt å sjå korleis alt begynner å ta form. Me skal øva lange dagar på tirsdag, onsdag og torsdag før det brakar laus fredag og lørdag.
Ein stor familie
Det dukkar stadig opp utfordringar, men alt kan heldigvis løysast med litt kreativitet. Elevane er kjempeflinke til å tilpassa seg endringar, sjølv med veldig kort tid. Eg trur dei veks som skodespelarar, men og som menneske i løpet av ein slik produksjon.
Elevane er kjempemotiverte. Når ein er så mange som skal laga forestilling er ein avhengig av at alle tar ansvar for seg sjølv, men og kvarandre. Dei heier på kvarandre, samarbeider, kjem med gode innspel og er fokuserte. Samholdet i gruppa kan beskrivast som ein stor familie. Som ein involvert sa: "det føles litt som eit slektstreff". Akkurat slik ynskjer me at det skal vera.
Her er det plass til alle!
Heilproft apparat
Me har fantastiske frivillige som har bidratt med kostyme, sminke, kulissar, rekvisittar, kaffi-koking, servering i lunsjpause og kva enn me treng hjelp til. Uten desse folka hadde det ikkje vore mogeleg å gjennomføre noko så stort. For eg er ganske sikker på at det ikkje er andre kulturskular som lagar forestilling på denne måten.
Heile apparatet er heilproft, og alle involverte er rett og slett kjempeheldige som får vere ein del av eit slikt prosjekt. Live band, lyd og lys, stor scene, og totalt rundt 100 involverte på og bak scena gjer at dette ikkje er kvardagskost for kven som helst.
Ingenting av dette hadde gått uten å ha eit fantastisk produksjonsteam som jobbar så bra saman, og ser moglegheiter i staden for utfordringar.
Anne Cathrine, Arngunn, Vidar og eg har hatt vekentlege møter for å planlegga og forbereda alt som skal gjerast. Me vert motivert av å sjå elevane utvikla seg, tørra å gå ut av komfortsona og blomstra på scena. Det kjennest veldig meiningsfullt ut, og då er all jobben 100% verdt det.
No gler me oss til siste innspurt og til å fylla salen med publikum, og gi dei ei oppleving dei seint vil gløyma!
Regine Matre Nordheim
Teaterpedagog

Les meir om Alice i draumeland, framsyningar og billettar på kvam.no