Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

Utleige av dirigenttenester

Kvam kulturskule ynskjer å bidra i det viktige barne- og ungdomsarbeid også på det frivillige kulturfeltet i Kvam. Dette gjer ein mellom anna ved å leige ut tilsette som dirigentar til kor og korps. Me ser med glede på alt det flotte som skjer i kor og korpsmiljøet i Kvam, takka vere engasjerte eldsjeler i organisasjonane og dyktige dirigentar og leiarar.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.