Fritidskortet Alle barn og unge i Kvam mellom 6 og 18 år får kroner 1000 på Fritidskortet sitt i året. Kortet kan brukast til å betala medlemskontingent for ei rekkje fritidsaktivitetar. Fritidskortet er digitalt og kan brukast i Aktiv fritid . Her finn ein også ein oversikt over fritidsaktørane i Kvam. Har du innspel eller spørsmål ta kontakt med fritidskoordinator Kristin Lundblad her. Ofte stilte spørsmål om Fritidskortet Korleis brukar eg Fritidskortet til å betala med?For å betala med fritidskortet må du oppretta ein brukar i Aktiv Fritid. På illustrasjonane ser du stega, 1 til 6. Eg har behov for Fritidskortet plussEr du ungdom og tenkjer at du ikkje har råd til å starta med ein aktivitet, eller at du må slutta på noko du allereie er i gang med? Ta kontakt med fritidskoordinator Kristin Lundblad på e-post: krisve@kvam.kommune.no. Korleis søkjer eg om tilbakebetaling om eg allereie har betalt?Du søkjer enkelt om refusjon i Aktiv Fritid. Når du skal betala med Fritidskortet så får du velja om du vil betala direkte eller søkja om refusjon. Vilkår for å bruka VippsPartane: Kvam herad og føresette eller barn over 15 år med BankIDPostadresse: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 NorheimsundOrg.nr: 944 233 199Tlf. 56 55 30 00E-post: postmottak@kvam.kommune.noBetaling: Dersom faktura er på meir enn beløpet du har på Fritidskortet, må du betale restbeløpet på Vipps eller med same KID-nummer i nettbankenAngrerett: Det er ingen angrerett på bruk av fritidskortet og betaling av restbeløp på deltakaravgiftaReklamasjon: Kontakt postmottak@kvam.kommune.no, dersom du vil klage eller reklamere på noko.Kva er krava for å delta i ordninga som fritidstilbydar? Det skal vera vaksne tilgjengeleg der aktiviteten føregår Aktivitetane skal vera for barn og unge som er folkeregistrerte i Kvam og som er i alderen 6-18 år Barnet/ungdommen har rett til å prøva aktiviteten før dei betaler for den Trenarar / aktivitetsleiarar skal ha gyldig politiattest Kostnader for aktivitet bør ikkje auka ut over normal prisvekst Aktivitetstilbydarar skal kreva inn kontigent/deltakaravgift via eit fakturasystem dersom dei har over 50 medlemer. Sist endra 12.02.2025 14:03