Bakteriar
Om ein badar andre stader i Noreg eller i utlandet, bør ein kjenna til nokre bakteriar som kan føra til infeksjonar. I nokre område har det ved særleg varme sumrar vore påvist infeksjonar med vibrio- og shewanellabakteriar. Desse bakteriane inngår ikkje i tilrådingar om prøvetakingsprogram for vasskvalitet. Det er ikkje kjende tilfelle av dette i Kvam. Oppbløming er vanlegast i vatn med lågt saltinnhald og høg temperatur. Det har vore oppblømingar i Oslofjorden og i Austersjøen ved varme sumrar med høg vasstemperatur. Ved slike høve bør ein ikkje bada utan å dekkja til opne sår med vasstette plaster. Særleg viktig er dette for personar med immunsvikt, hemokromatose, leversjukdom samt generelt for eldre personar.
Blågrønalgar
Cyanobakteriar (også kalla blågrønalgar) er ei anna gruppe bakteriar som kan føra til sjukdom hjå badande. Desse kan påvisast i mange ferskvatn, men ved særleg høge konsentrasjonar kan giftstoff frå desse føra til allergiske reaksjonar med feber, luftvegssymptom, samt irriterte augo og øyro. Dei kan òg gjeva magesymptom og leverpåverknad. Høge konsentrasjonar kan ein sjå ved ei tydeleg blågrøn misfarging av vatnet. Ein bør då ikkje bada i vatnet.
Oftast er konsentrasjonen i badevatnet høgast på seinsumaren eller tidleg haust. Det er ikkje kjende tilfelle av slik oppbløming i Kvam. Ein rapport om kvalitet på ferskvatn utført i 2023 viste høge verdiar av cyanobakteriar i Bergsvatnet i Tørvikbygd og i Nesvatnet på Mundheim. Det kan difor vera grunn til å vera merksam på om det er synleg misfarging av vatnet her. Ver merksam på at husdyr også kan verta sjuke ved eksponering for eller inntak av vatn med høge verdiar av cyanobakteriar.
Symjekløe
Symjekløe er eit utslett som kan koma i huda som ein allergisk reaksjon på larvar av blodiktar. Også desse finst berre i ferskvatn. Høgast forekomst er på Sør-Austlandet. Risikoen er størst på varme dagar, når vasstemperaturen er over 20 gradar. Utslettet er ufarleg, men kan gje plagsom kløe ein periode. Folkehelseinstituttet ynskjer at folk melder frå om tilfelle av symjekløe.
Meir om dette hjå Folkehelseinstituttet