Fiske

Allemannsretten gjev deg lov til å fiska og til å hausta frå naturen i Noreg. Her finn du informasjon om reglane du bør vita om.

 

Fiske med fiskestang eller handsnøre i sjø

I sjøen er det gratis å fiska, så lenge du nyttar deg av fiskestang eller handsnøre. Hugs å visa omsyn til badande og til andre som nyttar område. 

For mange fiskeartar finst det reglar om minstemål. Det medfører at du ikkje har lov til å fanga småfisk som er under ein bestemt storleik. Målet er at fleire småfisk skal få leve til dei blir store nok til å formeire seg. Den beste måten å unngå å fiska småfisk er å tilpassa fisket, til dømes gjennom å auka storleiken på kroken. Får du fisk under minstemål, kan du fukta hendene i sjøen, løysa fisken varsamt frå reiskapen og sleppa den ut igjen. Dersom fisken er daud eller ikkje levedyktig, kan du likevel eta han. For å unngå å fleire fisk under minstemål bør du då skifta fiskeplass eller freista med ein større krok.

Nokre fiskeartar er også heilt eller delvis freda.


For fritidsfiske med garn, teiner og ruser gjeld eigne reglar. Desse finn du på Fiskeridirektoratet sin nettsider:

Merk at det er forbode å fiska nærare enn 100 meter frå oppdrettsanlegg. Likeeins å ferdast nærare enn 20 meter frå anlegget og tilhøyrande slepekast eller notsteng som er fortøydd i land eller på annan måte. Grunnen er at det kan skje uhell, som mellom anna kan føre til at fisk rømer.

Fiske i ferskvatn

Skal du fiska i ferskvatn gjeld det andre reglar. Det er også ulike reglar for vaksne og barn. Born under 16 år har rett til å fiska gratis i perioda 1. januar til 20. august. Dette gjeld for fiske med stang og handsnøre, og tyder at born ikkje treng å betala for fiskekort. Dersom ein fiskar ein stad ein normalt må ha dette, har born under 16 år rett til gratis fiskekort.

Dette gjeld ikkje utan unntak: Born kan ikkje gratis fiska i vatn og vassdrag der det finst laks, sjøaure og sjørøye, men må då ha fiskekort. 

Er ein over 18 år gamal, må ein også betale fiskaravgift dersom du skal fiska i vassdrag med laks, sjøaure og sjørøye. For meir informasjon om fiskaravgifta, og for å betala denne, kan du gå til Miljødirektoratet sine nettsider: fiskeravgift.miljodirektoratet.no.

Vaksne som skal fiska i ferskvatn må ha løyve til dette frå den / dei som eig fiskevatnet eller fiskeretten. Dette får ein gjerne ved å kjøpa eit fiskekort for området ein skal fiska i. I Kvam er det Øystese jegar- og fiskarlag som administrerer kortsal og kultiveringsarbeid i Øystese aust grunneigarlag sitt område, som strekkjer seg frå Øystese i sør til Hamlagrø i Nord, Øystese vest / Fuglafjell / Vaksdal i vest og mot Fyksesund/Botnen/Flatabødalen i aust. 

Fiskekort kan kjøpast på MX-sport i Øystese, på Fetet i Fitjadalen, mellom Osen og Lie ved Hamlagrøvatnet eller ved å bruka Vipps nr. 101022. For meir informasjon, sjå jegar- og fiskarlaget sine nettsider.