Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

BUA Kvam

Bilde av bidragsytarane bak BUA Kvam med stort banner - Klikk for stort bilete

Kva er BUA? 

Kvam herad har, i eit samarbeid med ØIL og Lions, opna ei BUA-avdeling i Kvam.  BUA (Barn-Unge-Aktivitet) er ein nasjonal ideell organisasjon som har som føremål å gjera det enklare for barn og unge å prøva ulike aktivitetar, utan å auka forbruket. 

BUA tilbyd gratis utlån av utstyr til sport til friluftsliv. 

Privatpersonar, barnehagar og skular i Kvam få låna utstyr gratis til i inntil 7 dagar. 

Slik låner du utstyr:

For å låna utstyr må du ha låneprofil i BUA og den kan du lage her: https://www.bua.io/registrer 

Du kan låne ustyr i opningstidene til Bua. Utstyret kan reserverast inntil to veker på førehand. Utstyr får du oversikt over her: https://www.bua.no/bua-kvam/utstyr

Opningstider:

BUA har ope måndagar frå 13:30 til 15:30  og torsdagar frå 17.00 til 19:00.  

Her finn du oss:

BUA Kvam held til i Øvre Vik 3 i Øystese (gamle Røde Kors-huset) , rett ved hovudvegen. Det er busshaldeplass rett nedanfor. 

Spørsmål?

Ta kontakt med Kristin Lundblad e-post: krisve@kvam.kommune.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.