Rusteneste

Rusteneste: 

Har du utfordringar knytt til rus, kan du få samtale med ein ruskonsulent. Ruskonsulenten kan saman med deg finna ut kva hjelp som kan være hensiktsmessig. Ein kan få tilbod om støtte og hjelp i kommunen, men ein kan og få hjelp til å få etablert kontakt med spesialisthelsetenesta om det er behov meir utredning/behandling.  

Om du ønskjer å snakka med ein ruskonsulent, ta kontakt med leiar i avdelinga.

Helsenorge: Hjelp til deg med rusproblemer - Helsenorge   

Kan-skje kafe:

Kafeen vert driven saman med brukarar. Her kan du få vera med å bidra om du treng noko å fylla kvardagen med. Ein kan bidra på ulikt vis. Om ein ikkje likar å stå og laga mat, kan ein vera miljøvert med fokus på det sosiale. Her er det plass til alle.

Vi tilbyr også fysisk aktivitet på treningsenter ein gong i veka saman med instruktør.

Om du ønskjer å vera ein aktiv deltakar i kafeen, ta kontakt med leiar i avdelinga, så finn me ut om dette kan vera noko for deg.

Pårørendetreff:

Er du, eller har du vore, pårørende til nokon som slit eller har slite med rusutfordringar, kan pårørandetreff vera eit fint tilbod. Her møtest menneske med ulike historiar for å gje kvarandre støtte og håp.  Ein avgjer sjølv kor mykje ein vil dela.  Alle i gruppa har gjensidig teieplikt. Tilbodet er i Kan-skje sine lokale kvar 6. veke og vert drive av avd. Rop.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.