Framtidig behov for sjukeheimsplassar

Framskrivingane for Kvam herad viser at talet på innbyggjarar over 80 år kjem til å auka kraftig dei neste 30 åra, medan det totale innbyggjartalet går ned. Dette skapar to klare behov: Me må utvide kapasiteten på institusjonsplassar, og me må tydeleggjera og effektivisera oppgåvene til medarbeidarane i helse- og omsorgssektoren.

På bakgrunn av vurderingar av stoda i dag og framskrivingar har rådmannen gjort framlegg om å starta eit prosjekt for å finna løysingar for framtidig utbygging av sjukeheimsplassar. Me har no sett i gang eit kartleggingsprosjekt som skal vurdera konkrete tiltak, anten gjennom tilbygg eller nybygg, for å møta det framtidige behovet.

I tillegg må me sjå på bemanninga. Det er avgjerande at me har nok medarbeidarar til å hjelpa dei som treng det. Prosjektet involverer fleire fagområde i heradet. Leiargruppa til rådmannen er styringsgruppe for prosjektet , medan prosjektgruppa har representantar frå helse, teknisk, plan og bygg, IT, verneombod, fagforeiningar og HR.

Mål

Innan september 2025 skal det leggjast fram realistiske alternativ til heildøgeromsorgsplassar for 13 prosent av innbyggjarane over 80 år i Kvam herad, for behandling i heradsstyret.

Målgruppe

Brukarar over 80 år med behov for heildøgeromsorg i 2039.

Strategi

Kartleggja konsekvensane av dei ulike alternativa for å møta behov for heildøgersomsorg i framtida.
 

Linn Therese Fjellro
Prosejktleiar
E-post
Telefon 99 08 19 66