OmsorgsstønadOmsorgsstønad er ei ordning for dei som har eit særskilt tyngjande omsorgsarbeid for funksjonshemma born eller vaksne som treng mykje pleie. Omsorgsarbeidet må vera knytt til hjelp i eigen heim. Målet er at familien kan ha høve til å halda fram med å ha omsorga for sine næraste.Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som er godtgjersle for nokre av timane som du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen.Krav til søkjarden pleietrengjande må bu i heimenomsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og det må vera naudsynte oppgåver.Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkja om dette samstundes.Tenestekontoret kjem til å vurdera om omsorgsstønad er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.Dette må du tenkja over før du søkjer:brukar du mange timar per månad på omsorgsarbeidet?er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg?har du mykje nattarbeid slik at det går utover nattesvevnen?er det behov for omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?går omsorgsarbeidet ut over det sosiale livet ditt og mangel på ferie og fritid?har du omsorg for meir enn ein person?Slik søkjer duSøknadsskjemaMeir om søknaden her.KlageMeir om klagehøve.. Publisert 08.12.2017 13:08