Kreftkoordinatoren i KvamKreftkoordinator er eit lågterskeltilbod til personar, familiar og pårørande som er råka av kreft og som treng råd og støtte gjennom ei vanskeleg tid. Kreftkoordinatoren skalkunna vera ein samtalepartnarvera synleg og tilgjengeleg for alle kreftråka i heradetha oversikt over tilboda heradet har for kreftråka og pårøranderettleiia pasientar, pårørande og helsepersonellsyta for trygg og heilskapleg omsorg arbeida tverrfagleg, samarbeida med heimetenesta, fysio/ergo-tenesta, hjelpemiddellager, fastlegar og andre fagpersonarfylgja opp pakkeforløp «Hjem for kreftramma»koordinera og støtta siste fase av livet, både i heimen og i heildøgerstilbodI Kvam møter de kreftsjukepleriar Marit Lid Marøy. Marit har kontor på Toloheimen, men kjem oftast på heimebesøk. KontaktEin treng ikkje tilvising til kreftkoordinator. De kan ta kontakt direkte. Sjukehus og fastlege kan òg hjelpe til med å setja dykk i kontakt med kreftkoordinator. Pårørande og andre kan òg ta kontakt for ein uforpliktande prat. Tilbodet er gratis. Kreftkoordinator Marit Lid MarøyTlf. 906 79 853E-post: marmar@kvam.herad.noBesøksadresse:Marit har kontordag tysdag og onsdag.ToloheimenNedre Norheim 445600 Norheimsund Publisert av Connie Langeland Sist endra 05.02.2025 11:16