KvardagsrehabiliteringKvardagsrehabilitering er tidsavgrensa rehabilitering som skjer heime hjå deg og i nærmiljøet ditt. Kva tilbyr me?Kvardagsrehabilitering tek utgangspunkt i at folk flest ynskjer å vera aktive og bu heime so lenge som råd. Her kan du gjera kvardagslege aktivitetar som er viktige for deg,og vera sosial om du ynskjer det.Kvardagsrehabilitering er for deg:som bur heime, men ikkje lenger har same funksjon som før, og slit med å meistra aktivitetar som er viktige for degsom er motivert til å gjera ein innsats for å klara deg sjølv heime i størst mogeleg gradsom har vore innlagt på sjukehus eller institusjon og treng oppfylging i ettertidDu får kvardagsrehabilitering frå eit tverrfagleg team sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut og heimetenesta. Me kjem heim til deg og gjer ei undersøking og har ein samtale med deg slik at du kan setja deg eigne mål. Les meir i brosjyren Aktiv i eige liv - i eigen heim.Kva kostar det?Tenesta er gratis.Korleis søkjer du?SøknadsskjemaEin ergoterapeut og fysioterapeut kjem heim til deg for samtale og vurdering. Med bakgrunn i samtalen og søknadsgrunnlaget vert behovet ditt for tenesta vurdert.KlageFor meir informasjon om klage sjå her. Publisert 06.12.2017 14:51