Pårørande

Næraste pårørande er den som personen sjølv oppgjev som sin næraste og som har fått samtykke til å motta informasjon om personens helsetilstand eller anna.

 

Pårørande har rett på generell informasjon og rettleiing sjølv om helsepersonell har teieplikt. Næraste pårørande kan få nærmare informasjon om personens helsetilstand og helsehjelp, i den grad den sjuke sjølv har samtykka til det.

Born over 16 år er å sjå som myndige i forhold til si eiga helsa.

Pårørandeinformasjon

Pårørande er ein viktig ressurs. Pårørande må involverast ut frå dei rettar dei og brukaren har og utifrå ansvaret helsepersonell har for å gje best mogleg tenester til brukaren.

På helsenorge.no er det oppretta ei nasjonal informasjonsside for pårørande, der du finn informasjon om rettigheiter og tilbod.

Pårørendesenteret.no er ei landsdekkjande nettside for pårørande. Her kan pårørande finna kunnskap, tips og råd og lesa om andre pårørande sine erfaringar. Du kan kontakta pårørandelinja via chat, mail eller telefon og få individuell sosialfaglig veiledning. Dei ansatte du møter har teieplikt.

​​Pårørendeprogrammet.no er eit hjelpemiddel for pårørande og ansatte.

Helsedirektoratet har laga ein brosjyre som gjev informasjon om rettigheitene som pårørande til personar med psykiske lidingar og/eller har rusmiddelproblem.

Born og unge som pårørande

Når mor eller far har psykisk sykdom, rusmiddelavhengigheit eller alvorleg somatisk sjukdom/skade har born rett på informasjon og oppfølging dersom det er nødvendig. Dette gjeld også om søsken er alvorleg sjuk. Born kan vera både biologiske born, adoptivborn, steborn og fosterborn i alderen 0-18 år. Helse- og sosialpersonell har plikt til å kartleggja og avklara informasjons- og oppfølgingsbehovet mindreårige born kan ha som følgje av foreldre eller søskens tilstand og eventuelt setja i gang tiltak.

Har du nokon i familien som mottar hjelp fra kommunen kan dei be om ein samtale. Du kan henvende deg til dei som gjev hjelpa. Du kan også snakka med fastlegen, helsesyster eller barnevernet. Ulike brukarorganisasjonar og interesseorganisasjonar har tilbod for born og unge som pårørande. Kontakt den aktuelle brukerorganisasjonen ved behov.

Sjå også nettstaden ungepårørende.no.

Brosjyrar

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.