HjelpemidlarKvam hjelpemiddellager låner ut tekniske hjelpemidlar til personar med midlertidige behov. Dette er eit tilbod til personar som bur i eller oppheld seg i Kvam og som etter ei fagleg vurdering treng hjelpemidlar for å klare seg i kvardagen. Kvam hjelpemiddellager ligg på Toloheimen i Norheimsund. Kva tilbyr me? Formidling av kommunale hjelpemidlar som legg til rette for at du kan fungera på eit så høgt fysisk funksjonsnivå som råd Statlege hjelpemidlar: Me leverer ut hjelpemidlar til varig utlån for dei som har vedtak frå Hjelpemiddelsentralen i Hordaland Utkøyring, tilbakelevering, montering, enkle reparasjonar og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar Henting og tilbakelevering av mindre tekniske hjelpemiddel kan skje i ekspedisjonstida eller etter avtale. Kva kostar det? Lån av hjelpemidlar er gratis. Slik søkjer du Kontakt direkte Kvam hjelpemiddellager eller via kontakt med fysioterapeut, ergoterapeut eller heimetenesta i den sona der du bur. Du får hjelpemidlar så snart dei kan skaffast. Akutt behov vert prioritert. Hjelpemiddellageret har arbeidstid 07:30 - 15:00 på kvardagar tlf. 469 54 753 Lover og reglar Lov om Folketrygd § 10-5, 10-7 Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 Forvaltningslova Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med leiar ved Kvam rehabiliterings- og behandlingsavdeling. Klage For meir informasjon sjå her. Publisert 06.12.2017 14:53