Informasjon om vaksine mot mpox (m-koppar)
Mpox er ein sjukdom som er forårsaka av apekoppeviruset (MPXV) og smittar gjennom nær kontakt med ein smitta person eller ved kontakt med eit smitta dyr. Det ser ut som at det krevst høg grad av nærkontakt for å verta smitta, og dei mest utsette er seksualkontaktar og husstandsmedlemmer. Det tek 5 - 21 (normalt 6 - 13) dagar frå ein er i kontakt med ein som har m-koppar til symptoma oppstår.
Vanlege symptom
Dei vanlegaste symptoma på m-koppar er:
· utslett og feber (over 38°C)
· hovne og vonde lymfeknutar
· vondt i halsen
· hovudverk
· slappheit
· vondt i musklane
Utslettet utviklar seg til blemmer, som får skorper og deretter tørkar inn og fell av. Du kan få arr.
Utslettet startar oftast på den delen av kroppen som har vore utsett for smitte. I utbrotet frå 2022 oppstod utslettet hos mange rundt kjønnsorgana og i sete- og endetarmsregionen. Mange smitta hadde berre nokre få blemmer.
Utslettet kan også oppstå på andre delar av kroppen, som i ansiktet, i munnen eller på hender. Nokon får utslett i handflater og fotsolar. I alvorlege tilfelle kan utslettet spreia seg til resten av kroppen. Utslettet kan då minna om vasskoppar.
Ein del opplever smerter i og omkring utslettet, inkludert i lymfeknutar.
Barn, gravide og personar med svekt immunsystem har større risiko for å bli alvorleg sjuke av mpox.
Vaksine mot mpox
Vaksine før ein blir utsett for smitte (primær preventiv vaksinasjon, PPV)
Førebyggjande vaksinasjon (primær preventiv vaksinasjon, PPV) blir tilbode til personar som har auka risiko for smitte med mpox.
Grupper som er aktuelle for primær preventiv vaksine, PPV, mot mpox:
· Menn eller transpersonar som har sex med menn OG sjølvrapportert risikoåtferd (t.d. nye eller fleire seksualpartnarar)
· Sexarbeidere
· Helsepersonell og andre som i arbeidet sitt er forventa å komma i reell smittefarleg nærkontakt med pasientar med mpox
· Laboratoriepersonell som arbeider med levande apekoppevirus (nøytralisasjonstest, cellekultur etc.)
Kvar kan eg få vaksine?
Nokon helseforetak vil kunne tilby vaksine for personer med hiv eller brukere av hiv-prep. Om du tilhører denne gruppen skal du ta kontakt med infeksjonspoliklinikk der du vanligvis vert følgd opp.
Dersom du ikkje vert følgd opp som pasient med hiv-smitte på sjukehuset, skal du ta kontakt med Smittevernkontoret i Bergen for å få vaksine.
Sjå informasjon om vaksine mot mpox ved Smittevernkontoret her:
Bergen kommune - Mpox-vaksine
Ring Smittevernkontoret på 55 56 58 80, for å bestille time.
Hugs gyldig legitimasjon med bilete og personnummer til vaksinetimen. Ikkje møt opp dersom du er sjuk, har feber over 38 grader eller andre teikn på infeksjonssjukdom. Ring i så tilfelle Smittevernkontoret for ny time. Ver førebudd på at du må sitja til observasjon 20 minutt etter vaksinasjon.
Vaksina er gratis, men du må betale 250 kroner for å få vaksinen sett.
Smittevernkontoret held til i Bergen Helsehus, Solheimsgaten 9, 4. etasje, 5058 Bergen (same bygg som legevakta, sjå kart). Nytt inngang C, bakke opp til parkeringsdekk ved 2. etasje.