Demens

Kjenner du nokon som gløymer, eller som har endra humør eller åtferd? Er det utfordrande å læra nye ting?
Her har me freista samla nyttig informasjon og nettstader der du kan finna svar og få hjelp.

eldre mann - Klikk for stort bilete unsplash

Har du mistanke om demens?

Ting time hjå fastlækjaren. Der får du hjelp til å utelata andre tilstandar som kan gjera at ein gløymer eller kjenner seg annleis. Der kan ein ta blodprøver, gjera undersøkingar, få tilvisingar for å stadfesta eller utelata.

Gode nettsider om demens

Demens (nasjonalforeningen.no)  
Demenslinjen tlf.: 23 12 00 40 
Pårørendesenteret (parorendesenteret.no)

Demensomsorg i Kvam

Hukommelsesteamet sikrar at personar med demens og pårørande får god kartlegging og eit godt tilpassa tenestetilbod.

 

 

Har du spørsmål om demens?
Støtte og råd til deg som er råka eller pårørande

Du er ikkje åleine
Det er lett å kjenna seg utrygg og åleine i møte med demens og 
kognitiv svikt – både for deg som er råka og for deg som er pårørande.
Heradet tilbyr hjelp og støtte. Det kan vera rådgjeving, samtale og 
andre lågterskeltilbod eller ulike helse- og velferdtenester etter 
søknad.

Kvam herad har forplikta seg til å vera eit demensvenleg samfunn. 
Heradet vil leggja til rette for og treng eit godt samarbeid med 
pårørande.

Me tilbyr
Dagsenter
Me har dagsenter fleire stader. Her tilbyr me aktivitetar og opplevingar i eit trygt miljø.
Avlasting
Me har avlasting i institusjon i kortare eller lengre tid.
Heimeteneste
Me har dyktige og kompetentet medarbeidarar i heimetenesta.
Velferdsteknologi
Me har ulike hjelpemiddel for å gjera kvardagen lettare.

Ta kontakt
Du treng ikkje søkja eller ha fått tilvising for å kontakta oss. Ta kontakt direkte på telefon eller e-post. Fastlegen din kan òg hjelpa deg med å koma i kontakt med oss.
 

Astri Lyngstad Øyri
Tlf. 974 23 286
E-post: astlyn@kvam.herad.no

Hege Dale
Tlf. 416 31 339
E-post: hegdal@kvam.herad.no

Mona Olsen
Tlf. 475 00 658
E-post: monols@kvam.herad.no

Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod og er pådrivar for god demensomsorg. Me er her for å hjelpa, stø og gjeva råd om tenester og tilbod. Saman finn me vegen vidare.

 

Ofte stilte spørsmål om demens

Artikkelliste

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.