Bustad og sosiale tenester

Her finn du informasjon om bustøtte, startlån, tilskot, tilrettelegge bustad, kommunale og utleigebustader. Samt gjeldsrådgjeving, informasjon om oss og ei oversikt over ulike bustadtypar. 

  • Bustadkoordinator

Eg, Torbjørn jobbar som Bustadkoordinator og mi rolle er å sjå det store bilde når det kjem til bustad. Behandling av søknadar for kommunal bustad, startlån, tilskot til tilpassing av bustad og enøk tilskot for dei som har ein vanskeleg økonomi er mitt ansvar. Eg er kontaktperson for dei av våre innbyggjarar som ønskjer å leiga ut sin bustad til våre flyktningar. I tillegg har eg eit tett samarbeid med våre trivselsvaktemeistarar.

Kontakt: Torbjørn Storås. Tlf. 482 08 675 E-post: torbjorn.storas@nav.no

  • Trivselsvaktmeister

Trivselsvaktmeistertenesta er eit lågterskeltilbod for buoppfølgjing i kommunalt formidla bustadar. To trivselsvaktmeistrar jobbar i team i samarbeid med NAV (sosialtenesta, flyktningtenesta og bustadkoordinator), teknisk eining og avdeling for rus og psykisk helse.  

Trivselsvaktmeistrane ynskjer å bidra til ein trygg, stabil busituasjon og auke i bukvaliteten til dei som bur i kommunalt formidla bustadar og kan og vere eit bindeledd mellom deg og andre kommunale tenester. 

Årleg branntilsyn i kommunale bustadar er obligatorisk. Me sjekkar at brannvarsling og slukkeutstyr er i orden, og snakkar med deg om rømningsvegar. Dersom det er feil eller manglar i bustaden din, så kan me enten hjelpe deg med å ordne det, eller melde vidare til FDV Bygg dersom det er noko som treng fagfolk. Me kan og tilby hjelp og råd til korleis ein lettare kan halde orden i bustaden. 

Me bistår med etablering av bustadar til nyankomne flyktningar, og gjev opplæring og rettleiing etter innflytting ved behov. 

Kontakt: Sara Sandven-Burnett Tlf. 949 87 912 E-post: sarsan@kvam.kommune.no
Lena Tonning Tlf. 960 12 608 E-post: lenton@kvam.kommune.no
 

  • Gjeldsrådgjevar 

Kvam herad tilbyr økonomisk rådgjeving på NAV-kontoret, du kan få enkelttime eller jamleg oppfølging. Me vil kunne hjelpe til med skaffe oversikt over inntekt og utgifter, laga budsjett, laga nedbetalingsplan med meir. Det er ikkje eit krav at du leverer skriftleg søknad.

Du kan kontakte gjeldsrådgjevar direkte på telefon, SMS eller e-post. Lenkje til vår side for økonomi- og gjeldrådgjeving finn du her.

Kontakt: Ingrid Børsheim Tlf.  906 46 725 E-post: ingrbo@kvam.kommune.no